- ei rettleg gode jule og eit strålandes nytt år !!!!!

Årets julekort :)
I skrivande stund ligg to spente gutar å søv i sengane sine og ventar på at det endeleg skal verte morgon på sjølvaste julaftan! Då er det lov å ta med dynene ned i stua og ein kan ete snop før frukost, dessutan kan pysjamasen vere på til langt på dag!
Vetle som ikkje lenger trur på julenissen synst det var dumt å fyre i peisen i kveld når nissen skulle kome ned gjennom pipa med snop til julestrømpene... Å dei synst i alle fall det var skikkeleg urettferdig at ein MÅ vente med pakkane til vi har ete middag OG vaska opp!!! Sjarmerande :)
Helle er derimot uvitande til alt som skal skje - og vi andre stålsette oss til å "gjete" henne i morgon frå å "robbe" all julepynten av juletredet og frå å tjuvstarte på pakkeopninga...
Julaftan skal feirast heime ilag med 5 ekstra frå familien Dalebø og på menyen står det sjølvsagt heimeprodusert pinnekjøt og hjortemår med tilbehør :)
Eit attersyn på året som har gått kan du delvis få ved å lese gamle innlegg i blogggen vår, men sidan det har vore lite blogging i haust har eg lagt ut ei rekkje bileter no og så tenkte ej å kome med ei kjapp oppdatering:
Vetle har vorte skulegut sidan sist, noko han likar godt. Medaljens bakside er at han ikkje kan ta fri ein dag i ny og ne når det passar seg slik, men det har gått seg til. Likar framleis best å vere arbeidskar og han gled seg til skisesongen.
Olve er framelis ein solstråle, men med periodevis trange øyregangar.. Han har inntil fleire kjærestar i barnehagen og han er med der det skjer.
Helle er alt 16mnd og ho heldt oss i ånde meir enn nokon gong der ho tilstadigheit klatrar på stolar, bord og benkar... Språket kjem snikande no, men ho fortstår alt vi seier og no sjarmerar ho alle med sine bevegelsar til allskens julesongar :)
Marita tok til å jobbe 80% på ungdomsskulen i haust, noko som har vore veldig arbeidssomt, men kjekt.
Tore jobbar som i fjor 62,5 % på luftambulansen, tek ekstravakter i Volda og driv jamnt og trutt med prosjekt her heime.
Dei beste julegodane frå folk og fe på Tømmerbakken - vi gleda oss til kjekke stunder ilag med deg i det nye året :)
FEFOR - juni


Vetle sin siste dag i barnahagen!



















Teltovernatting på campingplassen vart absolutt ein suksess - ungane snakkar ofte om kva tid vi skal dit igjen :) (-då skal vi vurdere om pappne også skal få vere med ... :) )ROTSETHORNET - august






































