GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!
Ja då vart julehelsinga ein realitet! - den har murra "fremst i bakhovudet" ei stund og berre venta på at det skulle bli tid til den :)
2016 går inn i historia som " Det året vi gifta oss" :)
På solsnudagen i fjor, 22.desember, stressa Tore meg heimover med beskjed om at saueflokken var alvorleg sjuk! og der i sauefjøsen sto han klar for å fri når eg kom. Nyhenda vart avslørt på julekvelden og planlegginga av bryllaupsferinga starta i romjula. Sidan eg hadde sagt at eg aldri skulle gifte meg med ein 50 åring så var det berre å hoppe i det :)
I mai hadde vi oss ei overnatting i Loen med forloverane våre med følgje; spa, middag og Via Ferrata sto på programmet.
18.juni var det min tur til å overraske litt :) då ei kvitkledd brud kom opp kyrkjegolvet. -Kvifor hadde Tore då fått beskjed om å pusse bunadsskoa kvelden før, og kvifor hadde mamma strøke bunadsskjorte? Etter flott vigsle i Volda kyrkje hadde vi eit stopp på bygdetunet Haualeite før resten av dagen vart feira på Rekkedal gjestehus i lag med dei nermaste.
Mi gode svigermor Aslaug vart akutt dårleg i slutten av september og den planlagde lødefesten vi skulle ha i haustferien vart sjølvsagt utsatt. Aslaug døydde etter få dagar på sjukehus. Gaute ynskte seg farmor tilbake då han skreiv på ynskjeliste til julenissen. Vi saknar henne alle, og vi tek vare på alle dei gode minna frå tida i lag med ho.
Takkar for gåver og for dei som var med på å gjere dagen vår så flott!

Elles så syner bildedatabasa på PCen at vi har hatt tid til andre kjekke gjeremål også!
Det har blitt nokre turar i skog og fjell, nokre timar på skiskyttartrening, nokre turar på skiskyttarrenn og på handballkampar, dugnadar og mange timar i lakseelva i lag med Vetle og andre unge fiskarar. Det har blitt snikra, måla, saga og bært.
Det har blitt strøke 35,bunadskjorter dette året då vi har vore heldige gjestar i 3 konfirmasjonar, feira 17.mai og to bryllaup. Sjølvsagt stas for Helle å få vere brudepike i bror og Kristine sitt bryllaup også. Og som ho sa det sjølv:
- "ej skulle ønske dinne dagen berre kunne begynne på nytt igjen"!
Ferieturen gav oss dagar med både sol og regn, med klatring og bading, og med venner og kjende. Gaute feira 4 års dagen sin i eit vått telt på Flå og sidan det meste då var vått så vende vi nasa heimover. Heime venta gode venner som var klare for feriering i lokalområdet :) Storegutane er pittelitt kry av å ha gått frå hytte til hytte i Tafjordfjella, samt vore på to fjell som pappaen ikkje har vore på :) Trandalshatten og Saksa.
Garden har sine gjeremål året i gjennom og vi kosar oss med alle dei også. 29 søyer lamma i april og 55 lam vaks opp på Tømmerbakken. Vidare vart det saueslepp, tilsynsturar og sauesanking i Trandalsfjella. Frå biene hausta vi totalt 240kg honning, hønene har stortsett holdt oss sjølvforsynt med egg, Vetle tok opp 70 kg poteter frå eigen åker og han landa 4 pjakk/laks. Den største på nesten 5 kg metta mange til middag 2.juledag.
Eg lyt nytte høve til å takke dei som har hjelpt oss med å flytte bier, slått slåtteenga med slåmaskin og med sauesankinga. Tore har berre vore ein "halve mann" denne sesongen. Ei kranglete hoft har hindra han i å utføre ein del gjeremål og hindra han frå ein del flotte fjellturar, men han er heldigvis på bedringens vei.
Ungane veks til! Vetle er alt 6. klassing, Olve 4.klassing og Helle tok til på skulen no i haust. Gaute skal heldigvis gå i barnehagen i 1,5 år til :). Tore jobbar på anestesiavdelinga i Volda og eg er lærar ved Vikebygda skule.
Kvardagane og helgane går unna som ein røyk - tida går fort når ein har det kjekt seiast det!
Og som eg ofte seie: -skulle berre hatt enda betre tid til alt det kjekke enn styre med :)
I 2016 har vi altså hatt mange kjekke stunder i lag med dyr, venner, familie, kollega og kvarandre. Vi har blitt mann og kone, fått enda eit barn som skal gjere lekser, fått fylgje ungane på mange kjekke aktivitetar, ete mykje økologisk mat, drukke fleire flasker økologisk vin og vaska med miljøvennlege vaskemiddel når vi har vaska :) (gjeld forresten klede, oppvask og kropp) også.
No gledar vi oss på livet i lag i 2017!
- håper vi treffast :)
PS: Ekstra varme klemmar og tankar til dei som har det vanskeleg i kvardagen!
-Marita Dalebø Mork-