fredag 27. desember 2013

Julehelsing frå Tømmerbakken 2013

Ja då er snart 2013 også historie og minner. Når eg tenkjer tilbake på året kjem eg raskt på at eg var heime i permisjon med Gaute til juni, Olve byrja på skulen i haust, og at det har gått med mykje tid til daglege og kvardagslege gjeremål knytt til ungar, heim og gardsdrift. Vi skriv ikkje dagbok og blogging har det vorte svært lite av dette året, så jammen fint at vi har tatt bileter og lagra desse på pc-en. Slikleis kan ein mimre og sjå attende på året som har gått - vi har gjort mykje kjekt og ungane veks til! Forrsten så skal eg verte flinkare å ta back-up av desse bileta, tenk om dei forsvinn?!
(under følgjer nokre kolasj med kommentarar frå året, og om du klikkar på bileta får du sjå dei større!)

JANUAR
Vetle fylde 8 år og mormor troppa opp med fotballkake. Vi hadde fantastisk skeise-is på Rotevatnet. Gaute tok til å ete graut på halvtårsdagen sin og han vart ikledd dåpskjole slik at vi fekk bilete til å lage takkekort av.

FEBRUAR
Godt vintevêr, skirenn m premie, aketur -også for Gautegull, prinsesse-Stirr i finesko på snøføre, meir graut og innekos.
 
 
MARS
Påskekos på Dalsfjordsfjellet. Snø, ski, innekos og Gaute som sov i pulken opp på nattbordet på soverommet :)
 
APRIL
Vår og nytt liv på Tømmerbakken. 25 kyllingar og 35 lam såg dagens lys - stor stas for ungane!
Snart slutt på tida som foreldre til to bleieungar...
Tore, vetle, Olve og Anders laga gapahuk i skogane - spennande!
 
 
MAI
Vi tok til å samle turorienteringspostar 1 av 30. Vi leita fram syklane og fyrste sykkelturen gjekk innom på grava til farfar Vidar. Vi tok 17.mai fotografering på Haualeite for 8. året på rad.
Tore, Ståle og Grete hadde med seg mor Aslaug på hotelltur til Geiranger nokre dagar og turen vart avslutta med lunsj og bading for heile familien på Alex i Loen.


JUNI
Olve avslutta barnehagetida si med å bestige Helgehornet ilag med kløverklubben samt å synge duo og solo på sommarfesten. Tante Vivan fekk seg kul bil i gåve då ho besto sjåførlærarutdanninga si og vi ferierte i Stavern -Nevlunghavn med tante Vivian og Geir - sydenfølelse!

 
JULI del 1
Feriering og overnatting på Langedrag. Hesje-kos for store og små i aldersspennet 1-92 år. Bilete av Tore FØR og ETTER at han hadde fått staurbæringskurs av Inge. Surt og kaldt i Refvika og Gaute som fylde1år 25. juli!

JULI del 2
 Vi fekk tørrhøyet i hus akkurat før regnet kom for å bli... Sommarkos på Fjellro-hytta vår. Teltovernatting og kredefiske i elv i Dalsbygda med gode venner.
 
 
AUGUST
Familietur på Rotsethornet og Gildrehammaren. Sykkeltur til Ørsta. Turorienteringspost-tur til Honndalsvatnet i Høgedalen. Helle fekk finfin prinsessekake av mormor på 3års dagen. Gaute storkosa seg med barnehagestart på avdelinga til Helle i Oppigarden barnehage. Olve tok fatt på sitt løp med skulegang - 1.klasse på Vikebygda skule, kor eg forresten skal ha min arbeidsplass det kommande året.
 
 
 SEPTEMBER
 

Nye fjøset klart til tjærebreiing. Det var synd at Bruno og Buster va værar -så kjekke lam som dei var...vi kosa mykje den siste månaden før slakting! Olve fylde 6års dagen sin med sjørøvarskutekake som mormor hadde laga. Vi hausta og tappa 130 kg honning.
 
OKTOBER
Haustferiebesøk av Drammensjentene har vorte tradisjon. Hausttur på Fjellro og til Velsvika. Sauene vart kosa med og nokre slakta, fårekjøtet vart lagt i saltstampen. Fint utsikt frå Lidaveten berre enn kom seg over skodda!
 
 
NOVEMBER
 Eg var på kjekt og lærerikt bakstekurs med Schakenda i Lom ei helg. Ungane gleda seg over den fyrste snøen - og skia måtte sjølvsagt prøvast ( og sida har vi ikkje hatt skiføre...). Vi fekk starta på juleførebuingane: hjortemårproduksjon og løfsebakst i lag med mormor og besten, og tradisjonell peperkakebaking i lag med familien Sætre/Lid. Vetle fekk eit oppbluss av sjakkfeber og han har kokkelert hyppig på kjøkkenet - innspirert av "Barnas resturant" på tv. Gaute har blitt "storegut" - sit på storegutstol og ete laurdagsgodt!
 
 
DESEMBER
Adventstid med aktivitetskalendar og kopp under senga har ført til spente morgongstunder i heimen... Vi har kosa oss med mellom anna ansiktsmaling, pepperkakehus-teikning, peperkakehus-baking, peperkakehus-pynting, julemannbakst, spelekveldar, gøyme og leite med mamma og pappa, skattejakt, fotografering i fotostudio og juletrehoggst. Ungane har hatt nissefest, julefrukost, juleverkstad og luciaferingar i barnehage og på skulen.
Vi måtte også ta avskjed med godaste besten/bestebesten på Eid rett før jul - kvil i fred!


 
https://www.facebook.com/fotografmartalystadjohansen?ref=ts&fref=ts
 

God jul og godt nytt år ynskjast til alle kjende og kjære,
håper at våre vegar kryssast i nær framtid!!!

 

lørdag 27. april 2013

Full rulle og liv og røre på Tømmerbakken

Jauda det er liv i oss - det er visst bloggen det er minst liv i for tida...
Til tross for at graset, blada og blomstrane ikkje har fått beskjed om at det er vår her oppe enda så er det så absolutt vårteikn i fjøsen og på vaskerommet :)
Bruno og Buster vart årets fyrste lam som såg dagens lys for to veker sidan og medrekna tvillingane som eg fekk overevere fødselen til i dagtidleg kl 06.00 tel det no 32 lam og enda ventar vi 3 fødslar til.
I skrivande stund høyrer vi veldig piping ifrå rugemaskina på vaskerommet - den fyrste kyllingen har akkurat kava seg ut av egget. Det fyrste holet vart oppdaga i går kveld så det var spennande å stå opp idag! Fantastisk å sjå ansiktet til ungane når dei fekk høyre piping innafrå egget :) Den ferske kyllingen kom ut frå eit egg som vi har plukka i vårt eige hønsehus, men vi har fått egg fleire stadar ifrå. Totalt ligg det 40 egg i rugemaskinene der halvparten skal klekke denne helga og resten neste helg :)
 
Før påske fekk forresten musa Pip, som Vetle har hatt i fangenskap sidan desember, sleppe ut i det fri og Vetle fekk kjøpe seg hamsteren Hamstro i staden for. Det må vel også forteljast at Pip var på rømmen ein morgon vi sto opp. Tore hadde oppdaga det når han sto opp kl 05.00 for å rekke fyrste flyet til Bergen - på kjøkkenbenken låg det lapp om at Pip var på rømmen og at vi fekk "sleppe inn katten" :) Det forslaget møtte sjølvsagt motstand så når ungane var levert på skule og i barnehage var det berre å sette i gong leiteaksjon med haudelykt og støvsugar. Pip vart funnen i det siste rommet eg støvsugde - oppi ein treningsbag på utstyrsrommet i kjellaren. Døra vart låst i påvente av ein kjekk besten som kunne hjelpe oss å fange Pip!!!
 
Slenger også med nokre bilder av kva Tore har brukt ledige stunder på den siste veka - løda har fått lødegolv!!! 


 PIP


 
HAMSTRO


FJØSNYTT

 

 Gaute er fast tilskodar under morgonstellet i fjøsen og då er det fint med hørselvern inntil sauene har fått kraftforet sitt - då stillnar brekinga :)

 Dei eldste lamma har alt stor utforskartrong...





 
 



 
GOD HELG!!!