søndag 21. desember 2008

Utfylljande julehelsing anno 2008

God Jul til alle våre kjende og kjære!

Som de kan sjå av utsendt julekort med opptil fleire "skriveleifar" går kvardagens gjeremål unna i høg fart. Ingenting gjer seg sjølv og alt tek tid, så i år freista vi å økonomisere tid ved å blogge julehelsinga vår.
Av tidlegare innlegg på bloggen kan de sjå at det meste av tida vår går med til husbygging i tillegg til at vi prøva å skjøtte ungar, jobb, heim og venner etter beste evne, tatt forholda i augesyn.
Marita har jobba mykje som tilkallingsvikar i haust og tek til i ei 80% stilling som kontaktlærar i ei 3.klasse frå 01.01.09. Tore har jobba fulltid på sjukehuset i Volda sidan i sommar og skal frå nyttår redusere til 75%. Dette gir oss vonleg meir fleksibilitet i kvardagen og betre tid til ungane som jobbar 60 og 80 % i barnehagen, samt enda større framgang av gjeremål på Tømmerbakken.
Vetle blir 4åring i januar, er roleg, gjerne arbeidskar, hugsar det utrulege og har ofte ei god historie - ein vits eller nokre rimord på lager. Olve 15mnd er av eit anna kaliber, er høgt og lavt med eit smil om munnen, stabbar i veg og er for tida syselsett med å gjere alt han ikkje får lov til.

Med Tore sitt motto: "Det me ikkje gjer i dag må me gjere i morgon" skal vi halde oppe "trykket" inn i det nye året og ser fram til innflytt i eige hus når den dagen kjem. Vi gleda oss mykje til sosiale samkome ilag med deg i året som kjem og ber om tilgjeving for dårleg "pleie" i året som har gått.
Reven tok for øvrig grovt for seg av hønene i sommar og Mattilsynet sette kjeppar i hjula for sauehaldet, men vonleg vil nye to- og firebeinte bli ein del av kvardagen vår på Tømmerbakken i løpet av sommaren.

Dei beste ynskje om eit godt nytt år til deg, hugs:

Du har noko ingen andre har, ingen er som du.
Du har noko og litt av kvart å lære meg.
Takk for at eg møtte deg!

Må forresten rette ei stor takk til mamma og pappa for gjestfridomen, samarbeidet og hjelpa vi får medan vi bur i kjellarleiligheita, samt til svigermor og svigerfar for kjærekome barnepass og middagsmåltid. Dette sett vi umåteleg stor pris på - dokke er gull verdt og vi er veldig glade i dokke.

Vetle og Olve eller "Velte og Kolve" testar rattkjelkeføret på Tømmerbakken.

Olve og villsauen Smetta, Hestehornet i bakgrunnen.

Pappakos! Viktig prioritering innimellom husbygginga :)


Gullgutane mine, Olve og Vetle.



Bålkos med Mormor og Besten på juletreskogen.


Velte under Lussiafeiring i barnehagen.

..også å finne i gryteskapet til mormor..


Skifergolv i inngangspartiet.


Målarmeister Marita, baderomspanel.


Natursteins-brannmuren på kjøkkenet tek form...



Tømmerbakken i vinterdrakt!




Badet i 2.etg


Stuggu har fått julestjerne.

Siste solglytten i Løypingsskaret dette året, 15.desember.


Tore, Marita, Vetle og Olve

fredag 17. oktober 2008

Vår fyrste natt i nyehuset :)

Stooooooooooor stas for både store og små.
På nyinnkjøpte madrasser på det nyinnreidde øvsteloftet sto natta til forventningane. Vi naut vårt fyrste glas raudevin i stearinlysskin på kjøkkenet, gutane har fått eige leikerom og vi har god plass til overnattingsgjestar. Berre gled dokke, de gjer i alle fall vi :)


Potetopptaking

Vi har hausta både poteter og erfaringar dei siste dagane. Tal poteter er berre imponerade (synst me sjølve da i alle fall), men storleiken va so som so... Neste år skal dei få seg meir mold, meir vatn og meir stell :)
Vetle synst dette var storveges og gjorde ein iherdig innsats med hakkegrevet. Sitat Vetle: " Her me e ei heil familie!"




ca 1/3 av fangsten

Ei av dei største mot ei av dei minste.
Godt vaska, delt og innsausa i olje og krydder i komfyren so blir nok dei små også eit herremåltid :)

Har i alle fall ikkje hjarte til å hive dei, kanskje kan det bli neste års settepoteter?

søndag 5. oktober 2008

Status: Tømmerbakken per 4.Oktober

De heno heldigvis vore framgang på Tømmerbakken også siste 50 døgna. Mykje av arbeide vi legg ned no vil syne for evig og alltid, de e ikje timesvis av arbeid som blir skjult i eitt tak eller i ein vegg, motiverande.
Ein nydeleg morgon på Tømmerbakken

Øvsteloftet er ferdigstilt og klart til overnatting.

Alle stokkane i stova e på plass, og me syns sjølve de har vore verdt nattevåk og tankearbeid.


Tjørebreiing av huset


ReiteTerje he endeleg tatt til på arbeidet med å opparbeide uteområdet,
det blir nokre meter med mur..



Naturskifer på badet i 2.etg. 

torsdag 18. september 2008

Skippertaksblogging

Fysj og fysj, tenkt at de he gått over ein månad sida sist ej blogga.. Siste månaden har også gått som ein røyk, men takka vere det digitale kameraet vårt kan vi sjå attende på mange flotte stunder. De eno litt tid om 50 dagar, sjølv om de ikkje akkurat kjennes slik ut om dagen :)


Olve storkosa sej på Tømmerbakken med fri tilgang på spennande verkty :)

Kosetur til Gamma

To ta gullgutane mine :)

Mmm, blåbær e godt altso :)

Blåbærguten vår!

Vetle og villsauane våre.

Nydelege dagar på Fjellro medan ej e på dametur i Tafjordfjella.

Fiskelykke :)

Tannpuss i elva ilag med Besten.

Vetle e med å otra for fyrste gong og jammen beit det ei store mammakrede på kroken :)

Kjekt med nye hofte. Oldefarmora storkosa sej i blåbærtuene ilag med gullgutane sine.

Olve sin fyrste dag i Barnehagen,
Oppigarden på 60 % plass.


Iver, Anders og Vetle storkosa sej med blåbær på strå under grautasøndagen på Rotevassetra :)

Fridagar på Dalsfjordfjella

tirsdag 5. august 2008

Ein dag i Syden :)

Me e ikkje kjende i våre eigne bukselommer - flaut, men samstundes flott att nærområdet har utforskingspotensiale :) 40 min heima, gjennom Eiksundssambandet, Ulsteinvik, Hareid og i rening Hjørungavåg ligg Overåsanden flottaren enn den flottaste sydenstranda. Åso med slike flotte fjell i syningom da... Masdalskloven

Storvegs og kjærkome!
Store og små naut livet denne dagen.

søndag 27. juli 2008

Saude på bruk nr 1


Etter mange timar med regelrett dritarbeid og litt snekkring e fjøsen klar til bruk. 6 sauer vart frakta i tilhengar frå Aksneset i Dalsfjorden og til Tømmerbakken 14.07.08 - ein stor dag! Me he vist nok å henge fingrane i om dagen, men berre litt godt å vere i gang liksom..

Sauene va inne ei vekes tid for å roe sej og for at me skulle verte kjende med dei - me he blitt drevne med ljåen :) Dette viste seg å vere stor suksess då dei no søker inn i fjøsen når dei vert redde.

Det høyre forresten med til historia at den første sauen va inne i fjøsen i omlag 3 sekund. Storbonden hadde gløymd å late att møkkaluka på veggen og Svarta var brått ein ekte "villsau"..

Petra, Ulla og Skjerra under presseningen på tilhengaren


Matmor og årslammet Skjærra



Årslamma Smetta og Petrus testar det nye fjøsgolvet



Endeleg he dei fått kome ut på beite.
Det vart nokre "karameller" på straumgjerdet før dei skjønte teikninga



Kraftfor og andre godsaker er ein sikker vinnar og saueflokken kjem allereie når vi lokkar på dei.