Noko av det mest boderomantiske som finst er kanskje ei ekte hes?! Skal vel ikkje sjå vekk frå at de he skjedd litt av kvart bak ei hes....
I alle fall har det vore lærerikt og kjekt for både store og små! Kanskje kjekt fordi markane ikkje var fulle av desse hesene og at det ikkje tok lenger tid enn ein ettermiddag å få dei opp og kanskje fordi me ikkje he vakse opp med det som noko naudsynt -men fordi me fekk gjere det av rein lyst og iver.
Må få sende ei takk til våre kjekke naboar "heim i Lida" for hjelpa, for lånet av alt naudsynt utstyr som traktor, slåmaskin, hersjastaur, streng, skårar, jarstaur og endepålar og for graset på marka :)
Det er no ikkje til å stikke under ein stol at me har hatt det fole sosialt og kjekt meda me har halde på - dei gamlaste har fått mimra frå sine barndomssommera og vi unge har fått lære ein kunskap og eit handtverk som helde på å gå i gløymeboka!
Det er kjekt med fellesprosjekt, men tykjer det ikkje vart heilt rettferdig når dei reiste med "eit halvt golv" til dei komande hønene-kyllingane sine og me for med gode 20 golv til sauene våre...
I følgje lokale kjelder vart det rekna ca 20 golv for å vinterfore ein sau. Tørrhøyet som vi har fått i hus er tenkt til bruk under lamminga til våren - i vinter skal det forast med rundballar som vi har kjøpt lokalt!
På nederste hesa kan du sjå at hesa er stødja opp med "skårar" for at ho skal stå stødigare
Åslaug er ekspertisa som godkjende både at høyet var tørt nok og vår nye "lagringspatent"!
Tørrhøyet skal fraktast, men også lagrast i store og luftige vedasekkar. Vedasekkane romma ca 2,5 golv kvar og fungerte utmerket :)