torsdag 29. juli 2010

Hersjing, hes, golv, skåra og rakstedeier!!!

Va ditta framandord i dit vokabular eller vekjer det gode/dårlege minner kanskje?

Noko av det mest boderomantiske som finst er kanskje ei ekte hes?! Skal vel ikkje sjå vekk frå at de he skjedd litt av kvart bak ei hes....

I alle fall har det vore lærerikt og kjekt for både store og små! Kanskje kjekt fordi markane ikkje var fulle av desse hesene og at det ikkje tok lenger tid enn ein ettermiddag å få dei opp og kanskje fordi me ikkje he vakse opp med det som noko naudsynt -men fordi me fekk gjere det av rein lyst og iver.

Må få sende ei takk til våre kjekke naboar "heim i Lida" for hjelpa, for lånet av alt naudsynt utstyr som traktor, slåmaskin, hersjastaur, streng, skårar, jarstaur og endepålar og for graset på marka :)

Det er no ikkje til å stikke under ein stol at me har hatt det fole sosialt og kjekt meda me har halde på - dei gamlaste har fått mimra frå sine barndomssommera og vi unge har fått lære ein kunskap og eit handtverk som helde på å gå i gløymeboka!

Det er kjekt med fellesprosjekt, men tykjer det ikkje vart heilt rettferdig når dei reiste med "eit halvt golv" til dei komande hønene-kyllingane sine og me for med gode 20 golv til sauene våre...

I følgje lokale kjelder vart det rekna ca 20 golv for å vinterfore ein sau. Tørrhøyet som vi har fått i hus er tenkt til bruk under lamminga til våren - i vinter skal det forast med rundballar som vi har kjøpt lokalt!

OlaBesten har hersja før....



Vetle har fått opplæring som slåttehjelp hjå Bjørg Hoggen før i sommar og syner her iver over arbeidet med slåtten :)


Graset mellom to staurar utgjer "eit golv", som forøvrig var ei måleeining.

På nederste hesa kan du sjå at hesa er stødja opp med "skårar" for at ho skal stå stødigare



Åslaug er ekspertisa som godkjende både at høyet var tørt nok og vår nye "lagringspatent"!

Ny og gamal patent - Hes og vedasekkar!

Tørrhøyet skal fraktast, men også lagrast i store og luftige vedasekkar. Vedasekkane romma ca 2,5 golv kvar og fungerte utmerket :)


Sekkane kunne rullast nedover marka og kjøyrast til gard :)



Gutane storkosa sej med ymse leik i hesa og poserte gjerne for fotografen :)
I går vart hesa til ei "Magisk hole" :)
Idag var det mest stas å hoppe på og i sekkane, samt å bli begravd under høyet!





Å sitje på høylasset vart belønninga for godt arbeid :)


PS! Har vist ikkje fått noko bilete av ei ekte "rakstedeie", men ordet slektar nok på ordet budeie og tyder altså ei "rakande" dame på slåttemarka!!

2 kommentarer:

Torill sa...

Måtte virkelig konsetrere mej om lesinga her. En del nye ord ja :-) Vi bruka slåmaskin på slåtten her, men vi kasta graset bak i skogen.

E litt uroa over alt du tek dej til i høggravid tilstand, men glad du e i fin form ;-D

Solflekken sa...

Kjekt å treffe deg oppe i dalen vår. :) De gjer verkeleg det som vi andre berre tenkjer vi ein gong kanskje skal gjere. :) Kjekt å sjå bilete. Lykke til med det som kjem snart :)