Vidare sette vi kursen mot Oslo for litt familiebesøk, to dagar på Berger hjå svigerinne Grete og to dagar i byen hjå bror.
I Nevlunghavn hjå tante Vigdis fekk vi testa litt strandliv og markjorbæra før vi "endeleg" kom oss til Kristiansand(som for ungane var sjølvaste "målet" for ferien).
I Kristiansand vitja vi nokre syskjenbarn av meg før me vart oppslukt og opptatt i Dyreparken-Badeland i dei neste tre dagane :) Kveldsshow med Sabeltann og Olve sit smukkesluttprosjekt er absolutt vert å nemne spesielt!
Ferieturen vart avslutta med ei overnatting på Langedragssetra og besøk hjå folk og dyr der! Starta og avslutta ferien ilag med våre gode naboar heim i Lida :) Returnerte heim fulle av inntrykk og minner og dessutan veldig klar for å ta fatt igjen på prosjekta våre heime :)
Forresten ikkje so verst å feriere i nærområdet heller... Den siste ferieveka våra vart det tur både på Melshornet og til "Fjellro" i Dalsfjorden, samt at Vetle besteig Hestehornet ilag med syskjenbarna sine.
HUNDERFOSSEN
BERGER GÅRD
LINDERN - BYBESØK
NEVLUNGHAVN
.JPG)
.JPG)
DYREPARKEN I KRISTIANSAND
Traktortur på Ku-Toppen
.JPG)
DYREPARKEN I KRISTIANSAND
Hiv o Hoi
Anna, Mathias, Olve og Vetle
På skjørøvartokt med Kaptein Sabeltann sitt skip "Den Sorte Dame".
Karusellar for små og store...
Dammen bak hytta vart fylt opp med båtar og froskar - fin leik her!
1 kommentar:
So monge koselige og flotte bilde. Alltid kjekt å sjå. Håpe du he det bra. Gleda mej til den lisje kjem :-)
Legg inn en kommentar