torsdag 25. oktober 2012

Snø på tunet & Saudene i hus!

Det var med stor spenning Olve kika ut vindauge i dag tidleg - FØR vekkjarklokka hadde ringt... -DE` HE` SNØVA!!!! og då va det ikkje mulig å sove lenger denne morgonen... Huset vart vekt og alle ungane ( unntatt Gaute) måtte ha vinterdress på rett etter frukost - før skule og barnehage!
Kan hugse entusiasmen og gleda over snøven eg sjølv hadde som barn, men no må eg innrømme at eg ser dei praktiske utfordringane... kanskje litt i tidlegaste laget med snøv no?!?!

Til tross for at yr.no har førespegla oss snø akkuratt idag i ei heil veke no så er det vel slik at snøven kjem like overraskande kvart år og vi var vel kanskje ikkje aleine om å legge om til vinterdekk i går kveld kl 23? Trur ikkje vi ligg på latsida her på garden, men det handlar om å utføre gjeremåla etter ei riktig prioritert liste og då blir enkelte ting utsette til ein berre MÅ!!
Tore har jobba intenst dei siste dagane med gjeremåla på "Før snøven kjem- lista" og det som sto att på lista er no flytta til ei anna liste :) Alt går med arbeid!!!
I ettermiddag har vi tatt sesongens fyrste rattkjelketurar og gjort midlertidig snekkring i fjøsen.
Det var spennande å lokke saudene inn i fjøsen for aller fyrste gong! Nye stiar skulle trakkast, nytt bygg beundrast og ikkje minst skulle det "skumle" strekkmetallgolvet prøvegåast... Myrull var den tøffaste og kom inn med litt lokking frå kraftôrbøtta, noko som førte til at dei 18 andre "dame-korrissane" våre våga seg inn.
I kveld har dei dessutan fått smake på vinterfôret - kanskje litt meir mettande enn lauvet som dei fann oppå snøven før i dag...

Skal - skal ikkje???
 
 Nam-nam -  kraftfôr e` godt!
 
 - Den fyrste sauen har bæsja på strekkmetallet / i gjødselkjellaren!!

Det fyrst måltidet er servert i nyefjøsen til dei største sauebøndene i Vikebygda;
Tore Mork og Marita Dalebø :)
 


torsdag 11. oktober 2012

Fjøsblogg del 2

Det har skjedd mykje på fjøsen siste månaden.
Snekkerane har røyst og Tore har hjelpt til i ledige stunder.
Med litt hjelp frå pappa Ola, Einar Tore, Ståle, Arild og Stephan har vi skore over 300m2 med torv på marka her.
 Det er ofte mykje arbeid som ikkje vise igjen men Inge Lid har vore i sving på taket der han har lagt og sveisa ein spesialplast lagt not som underlag til torva. Noko anna eg ikkje har bilete av er når Tore har lagt på plass heimeskoren never og skrudd 120 torvkrokar på rafta. Torvkrokane er forresten sjølvdesigna, og det er Arve Haddal som har laga dei til oss :)

Laurdag 6.oktober hadde vi kjempeflaks med veiret og vi fekk hatt torvdugnad! Ein flott gjeng med naboar, familie og venner gjorde ein kjempeinnsats! Per Magne Brautaset var innleigd med kranbilen til Coop Byggmix Volda og ellers stilte Roger, Hogne, Svein Håvar, Audun, Otto, Ola, Ståle, Inge, Sigve, Stephan, Terje og Terje .

TUSEN TUSEN TAKK FOR HJELPA ALLE SAMAN!!!
---§---









 









 






Gutta på Gammetur

Når ventetida var over og Gaute hadde funne seg til rette i heimen, kunne gutane fare på overnattingstur til gamma.
Jordgamma vart laga av utefagsstudentar på høgskulen for mange år sidan, men lite veit enn om kor mykje bruk som er på den. I fjor haust gjorde vi dugnadsarbeid der og Vetle har masa mykje om ny overnattingstur dit. Turen går frå bommen på Solhøgda, råsene opp mot steinhusa, skogsvegen utover mot klepp nokre hundre meter og så ny rås opp igjennom skogen. Godt gjøymd, men ikkje hemmeleg!
 
 
 


 


 
Turen gjekk heim gjekk til fots via Vardehornet og Reset!
 

 
TIPS: Om nokon vil sjå bileta litt større kan ein dobbelklikke på det øverste bildet i eit innlegg og derifrå blade seg gjennom bileta!