Kan hugse entusiasmen og gleda over snøven eg sjølv hadde som barn, men no må eg innrømme at eg ser dei praktiske utfordringane... kanskje litt i tidlegaste laget med snøv no?!?!
Til tross for at yr.no har førespegla oss snø akkuratt idag i ei heil veke no så er det vel slik at snøven kjem like overraskande kvart år og vi var vel kanskje ikkje aleine om å legge om til vinterdekk i går kveld kl 23? Trur ikkje vi ligg på latsida her på garden, men det handlar om å utføre gjeremåla etter ei riktig prioritert liste og då blir enkelte ting utsette til ein berre MÅ!!
Tore har jobba intenst dei siste dagane med gjeremåla på "Før snøven kjem- lista" og det som sto att på lista er no flytta til ei anna liste :) Alt går med arbeid!!!
I ettermiddag har vi tatt sesongens fyrste rattkjelketurar og gjort midlertidig snekkring i fjøsen.
Det var spennande å lokke saudene inn i fjøsen for aller fyrste gong! Nye stiar skulle trakkast, nytt bygg beundrast og ikkje minst skulle det "skumle" strekkmetallgolvet prøvegåast... Myrull var den tøffaste og kom inn med litt lokking frå kraftôrbøtta, noko som førte til at dei 18 andre "dame-korrissane" våre våga seg inn.
I kveld har dei dessutan fått smake på vinterfôret - kanskje litt meir mettande enn lauvet som dei fann oppå snøven før i dag...
Skal - skal ikkje???
Nam-nam - kraftfôr e` godt!
- Den fyrste sauen har bæsja på strekkmetallet / i gjødselkjellaren!!
Det fyrst måltidet er servert i nyefjøsen til dei største sauebøndene i Vikebygda;
Tore Mork og Marita Dalebø :)
Tore Mork og Marita Dalebø :)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
2 kommentarer:
Fint at nåken vil vere sauebønde, før var Vikebygda fullt i saude. Dokke e flinke ;-)
Flinke og trottige! :) Heiar på dykk. AM oppi skogen
Legg inn en kommentar