God Jul til alle våre kjende og kjære!
Som de kan sjå av utsendt julekort med opptil fleire "skriveleifar" går kvardagens gjeremål unna i høg fart. Ingenting gjer seg sjølv og alt tek tid, så i år freista vi å økonomisere tid ved å blogge julehelsinga vår.
Av tidlegare innlegg på bloggen kan de sjå at det meste av tida vår går med til husbygging i tillegg til at vi prøva å skjøtte ungar, jobb, heim og venner etter beste evne, tatt forholda i augesyn.
Av tidlegare innlegg på bloggen kan de sjå at det meste av tida vår går med til husbygging i tillegg til at vi prøva å skjøtte ungar, jobb, heim og venner etter beste evne, tatt forholda i augesyn.
Marita har jobba mykje som tilkallingsvikar i haust og tek til i ei 80% stilling som kontaktlærar i ei 3.klasse frå 01.01.09. Tore har jobba fulltid på sjukehuset i Volda sidan i sommar og skal frå nyttår redusere til 75%. Dette gir oss vonleg meir fleksibilitet i kvardagen og betre tid til ungane som jobbar 60 og 80 % i barnehagen, samt enda større framgang av gjeremål på Tømmerbakken.
Vetle blir 4åring i januar, er roleg, gjerne arbeidskar, hugsar det utrulege og har ofte ei god historie - ein vits eller nokre rimord på lager. Olve 15mnd er av eit anna kaliber, er høgt og lavt med eit smil om munnen, stabbar i veg og er for tida syselsett med å gjere alt han ikkje får lov til.
Med Tore sitt motto: "Det me ikkje gjer i dag må me gjere i morgon" skal vi halde oppe "trykket" inn i det nye året og ser fram til innflytt i eige hus når den dagen kjem. Vi gleda oss mykje til sosiale samkome ilag med deg i året som kjem og ber om tilgjeving for dårleg "pleie" i året som har gått.
Reven tok for øvrig grovt for seg av hønene i sommar og Mattilsynet sette kjeppar i hjula for sauehaldet, men vonleg vil nye to- og firebeinte bli ein del av kvardagen vår på Tømmerbakken i løpet av sommaren.
Reven tok for øvrig grovt for seg av hønene i sommar og Mattilsynet sette kjeppar i hjula for sauehaldet, men vonleg vil nye to- og firebeinte bli ein del av kvardagen vår på Tømmerbakken i løpet av sommaren.
Dei beste ynskje om eit godt nytt år til deg, hugs:
Du har noko ingen andre har, ingen er som du.
Du har noko og litt av kvart å lære meg.
Takk for at eg møtte deg!
Du har noko og litt av kvart å lære meg.
Takk for at eg møtte deg!
Må forresten rette ei stor takk til mamma og pappa for gjestfridomen, samarbeidet og hjelpa vi får medan vi bur i kjellarleiligheita, samt til svigermor og svigerfar for kjærekome barnepass og middagsmåltid. Dette sett vi umåteleg stor pris på - dokke er gull verdt og vi er veldig glade i dokke.
Vetle og Olve eller "Velte og Kolve" testar rattkjelkeføret på Tømmerbakken.
Olve og villsauen Smetta, Hestehornet i bakgrunnen.
Pappakos! Viktig prioritering innimellom husbygginga :)
Gullgutane mine, Olve og Vetle.
..også å finne i gryteskapet til mormor..Tore, Marita, Vetle og Olve
2 kommentarer:
God jul Marita. Fine bilde av familien og Tømmerbakken. Vi snakkast imårga :-)
Ka va det Mattilsynest meinte og gjorde?
Legg inn en kommentar