Etter mange timar med regelrett dritarbeid og litt snekkring e fjøsen klar til bruk. 6 sauer vart frakta i tilhengar frå Aksneset i Dalsfjorden og til Tømmerbakken 14.07.08 - ein stor dag! Me he vist nok å henge fingrane i om dagen, men berre litt godt å vere i gang liksom..
Sauene va inne ei vekes tid for å roe sej og for at me skulle verte kjende med dei - me he blitt drevne med ljåen :) Dette viste seg å vere stor suksess då dei no søker inn i fjøsen når dei vert redde.
Det høyre forresten med til historia at den første sauen va inne i fjøsen i omlag 3 sekund. Storbonden hadde gløymd å late att møkkaluka på veggen og Svarta var brått ein ekte "villsau"..
Petra, Ulla og Skjerra under presseningen på tilhengaren
Matmor og årslammet Skjærra
Årslamma Smetta og Petrus testar det nye fjøsgolvet
Endeleg he dei fått kome ut på beite.
Det vart nokre "karameller" på straumgjerdet før dei skjønte teikninga
Kraftfor og andre godsaker er ein sikker vinnar og saueflokken kjem allereie når vi lokkar på dei.
1 kommentar:
Å so utruli arti! Ej me he lyst på saude, men tenkte meir villsau eller lignande som klare sej mykje sjøl. Dersom du ska klippe dei en gong, so vil ej gjerne ha litt ull... Må verte te våren det då. Gratulerer iallefall, no bjynde garden å ta form. Veldig kjekt!
Legg inn en kommentar