lørdag 27. april 2013

Full rulle og liv og røre på Tømmerbakken

Jauda det er liv i oss - det er visst bloggen det er minst liv i for tida...
Til tross for at graset, blada og blomstrane ikkje har fått beskjed om at det er vår her oppe enda så er det så absolutt vårteikn i fjøsen og på vaskerommet :)
Bruno og Buster vart årets fyrste lam som såg dagens lys for to veker sidan og medrekna tvillingane som eg fekk overevere fødselen til i dagtidleg kl 06.00 tel det no 32 lam og enda ventar vi 3 fødslar til.
I skrivande stund høyrer vi veldig piping ifrå rugemaskina på vaskerommet - den fyrste kyllingen har akkurat kava seg ut av egget. Det fyrste holet vart oppdaga i går kveld så det var spennande å stå opp idag! Fantastisk å sjå ansiktet til ungane når dei fekk høyre piping innafrå egget :) Den ferske kyllingen kom ut frå eit egg som vi har plukka i vårt eige hønsehus, men vi har fått egg fleire stadar ifrå. Totalt ligg det 40 egg i rugemaskinene der halvparten skal klekke denne helga og resten neste helg :)
 
Før påske fekk forresten musa Pip, som Vetle har hatt i fangenskap sidan desember, sleppe ut i det fri og Vetle fekk kjøpe seg hamsteren Hamstro i staden for. Det må vel også forteljast at Pip var på rømmen ein morgon vi sto opp. Tore hadde oppdaga det når han sto opp kl 05.00 for å rekke fyrste flyet til Bergen - på kjøkkenbenken låg det lapp om at Pip var på rømmen og at vi fekk "sleppe inn katten" :) Det forslaget møtte sjølvsagt motstand så når ungane var levert på skule og i barnehage var det berre å sette i gong leiteaksjon med haudelykt og støvsugar. Pip vart funnen i det siste rommet eg støvsugde - oppi ein treningsbag på utstyrsrommet i kjellaren. Døra vart låst i påvente av ein kjekk besten som kunne hjelpe oss å fange Pip!!!
 
Slenger også med nokre bilder av kva Tore har brukt ledige stunder på den siste veka - løda har fått lødegolv!!! 


 PIP


 
HAMSTRO


FJØSNYTT

 

 Gaute er fast tilskodar under morgonstellet i fjøsen og då er det fint med hørselvern inntil sauene har fått kraftforet sitt - då stillnar brekinga :)

 Dei eldste lamma har alt stor utforskartrong...





 
 



 
GOD HELG!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt å sjå alt som skjer på Tømmerbakken! Godt å sjå at om isen ligg på vatnet, og om det er lite grønt på trea enno, så er det sikre vårteikn oppe med dokke. :) Lykke til med både lam og kyllingar! Klem frå AM i Solflekken

Torill sa...

Kor kjekt med det alt nytt liv. Ungane he vorte so store og fine sida sist. No gler vi oss til å kome på besøk :-)