Oy, eg hadde visst gløymt å skrive namnet til prinsesse Helle på årets julekort, men sida ein skal fokuserar på det som er bra så var ho i alle fall på bildet :) og det hadde vore mykje verre dersom eg hadde gløymt ho att på ein parkeringsplass eller noko...
I den grad tradisjonar kan vere noko negativt er det vel tett før at skrivefeilar på julekorta frå Tømmerbakken nettopp kan kallast det - tradisjonar! Denne skrivefeilen tronar uansett øvert og føyer seg fint inn i rekka av andre skrive"leifar" julekorta mine har innehaldt. Neste adventstid er det derimot eit gjeremål mindre på lista mi, julekortkonstruksjonen får eg overlate til Tore - kanskje er eg heldig å få slikke på kovoluttane...
Dersom ein ser vekk frå litt sjukdom så har vi hatt ei triveleg adventstid.(Influensa og spysjuke med påfølgande 48t karantene tek si tid å verte "kvitt" i ein storfamilieheim.. så dei tre fyrste vekene av adventstida gjekk i grunnen med mykje til det).
På julekortet ynskte eg alle mine kjende og kjære ei triveleg adventstid, "roleg" vert den vel for dei ferraste (i alle fall ikkje ei ein småbarnsfamilieheim)!!! Vi har prøvt å ha fokus på trivselsfremjande gjeremål for familien og med aktivitetskalenderen vår har vi klart å få til nettopp det: - av eksempel kan ansiktsmåling av foreldra, speling av spel på senga, kinokveld, tur på juletreskogen, refleksløp, løfsebaking, julegåveverkstadar, skattejakter, tur på skøyteisen, peparkakebakingsbesøk og julemannbakingsbesøk nemnast!
![]() |
| Vetle har stadig prosjekt på gang og medan han var i "karantene" etter spysjuka vart det laga levandefangstfelle for mus - og her ser dokke resultatet: Pip som har flytta inn på kjøkkenet! |
--§--
Vetle er halvvegs i mål med 2.klassa, les bra - likar matematikk, naturfag og friminutta. Han har fått prøvt seg på fotballbana, men det kan sjå ut som at han trivst betre med handballen. Vetle ventar dessutan på snøen no slik at han kan få byrje på skitrening igjen. Det kan også nemnast at han er over middels interessert i gardsdrift, i alle fall på data...
Olve er no skulemoden, les og skriv ord skrivne med store bokstavar. Likar godt å pirte (erte) syskjena sine og ikkje fullt så godt å verte pirten sjølv... Stortsett blid og glad!
Helle er ei travelt opptatt førken som kjempar sin eigen rett blandt gutane. Ho er ikkje like intens nedi skuffer og inn i skap lenger, men ho er framleis ofte å finne oppå bordet eller veldig i nærleiken av Gaute.
Gaute trur eg må ha forstått tidleg at han ikkje kunne ta all merksemda i heimen og har vore ein veldig enkel baby. Han har byrja å verte fornerma når ein legg han ned, men kan underhaldast og responderar gjerne med smil og latter.
Tore er no tilbake i full stilling på anestesiavdeling ved Volda sjukehus, noko som genererar litt mindre fritid enn då han jobba på helikopteret, men meir tid til familiens kvardagslege gjeremål. Likevel får han gjort mykje for han er god til å nytte dei stundene han får. Sidan mai har det vore fjøsbygging som gjeld! Han gledar seg forresten til å skulle ha ein dag med pappapermisjon kvar veke neste skuleår!
--§--
Julegåvene har vorte innkjøpt gjennom heile hausten noko som resulterte i at ej hadde ordna julegåver til ungane frå både oss sjølve, syskjena, besteforeldra og frå tanter og onklar :). Pakkane er no komt under juletredet og ungane la seg som tende lys i kveld, men heldigvis slokna dei fort!
I morgon skal dei få ta med dynene ned i stova, kanskje har nissen lagt att noko i julestrømpene, vi skal brenne bål og ete førmiddagsgraut ilag med nabone heim på bytet og tende lys på grava til farfar før vi samlast til tradisjonell julekveld her. I år skal mormor, besten, tante Vivian og farmor feire jul ilag med oss.
Dei beste ynskja for ei fredfull jul og eit strålandes nytt år frå oss på Tømmerbakken!
-håper vi sjåast snart :)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)



.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
1 kommentar:
Tore har heilt rett! Eg kosar meg kvar gong ungar hylgrin og er ulydige medan mine står forundra å ser på. Eg trur ikkje ungane forstår at dei kan vere slik sjølv.
Ser forresten at siste innlegg er ei julehelsing. Hadde påskehelsing vore noko? Ikkje noko press, berre eit sterkt ønskje ;-) Kjem heim 4.-11.mai forresten.
Legg inn en kommentar