søndag 20. desember 2009

Utfylljande julehelsing anno 2009

Eit ynskje om ei fredfull jul og eit strålandes og innhaldsrikt nyttår til deg !!!!

Dei store overskriftene dette året blir nok utvilsomt HUSBYGGING!! men det må leggast til at det utan tvil har vore verdt arbeidet, slitet, pengane, tida og andre verdifulle ting vi har ofra. Kvar dag, i desse 5mnd i nytt hus, har vi kjent på gleda over å få bu på Tømmerbakken i vårt eige hus - Det er ei god kjensle både når vi er her aleine eller vi er heldige å få husere sosiale samkomer. Det er dessutan god lønn for strevet å no kunne få husere 14 av våre nermaste på sjølvaste julekvelden :)

Her i garden synst me det er Viktig med prosjekt!men målet for det nye året får vere at prosjekta skal kome i tillegg til kvardagens gjeremål..

Førjulstida har vore hektisk som den "skal" og av små og store prosjekt kan det nemnast : 2 pepperkakehus-tun, aktivitetskalendargjeremål kvar dag, pynting og bakst til jul, turar i juletreskogen, muring av garasjemurar, røysverk og tett tak på garasja på 8 dagar+++

Til tross for ein aktiv kvardag må det seiast at vi opplever kvardagen og kvarandre som mykje meir harmoniske no. Vi har funne ei "ro" her oppe!!
I fjøsen har vi no 9sauer og 1vær som gjerne vert fôra både morgon og kveld sjølv om dei går inn og ut som dei vil. Våre 3 høner tek voneleg til med egglegging snart då lys og varme nyleg vart installert. Våre to bi-samfunn gav oss 30 kg nydeleg honning denne sesongen. Mjauris-pus er til stor glede for ungane og Era i hundehuset sørgjer for at dei vaksne får lea litt på seg i skog og mark :)

Vetle som blir 5år på nyåret er ein forveten kar med meiningar og temprament. Han finn glede med bøker, bokstavar, traktorkjøyring og ymse"prosjekt". Til våren skal han bygge seg ei hytte på garden og hytta er allereie godkjent på Teknisk avdeling i Volda og det med ei saksahandsamingstid på berre 3 virkedagar :) SLÅ DEN DU! (og Tore som liksom skulle vinne seg litt tid :( - No kom heldigvis snøven.. )

Olve Dalebø Mork Kjekke Kar, 2år og 3mnd, er enkelt og greit ein stor solstråle :) Han tåler det meste, likar å kose, elskar å syngje og snakkar som ein foss. Han er stadig å finne hakk i hel på storebroren - noko som somoftast er til stor glede :)

Tore er fulltidstilsett på anestesiavdelinga i Volda og med turnusjobbinga får han det mest utrulege gjennom hendene. Tore har dessutan ei utruleg evne til å finne glede ved arbeidet uansett kva oppgåve han skal gjere, også fjøsdrengsoppgåvene før anna arbeid om morgonen.

Marita styrer skuta heime med "variabel" kurs (det blir mykje av slike som liksom ikkje vise igjen... men skal tru kor det hadde sett ut om ein lot vere... Kanskje det vise igjen likevel?) og så jobbar ho 75%+ som kontaktlærar på den "fådelte" barneskulen i bygda.


Med mottoet mitt : Ej stressa ikkje, ej e berre effektiv!!! vonar vi å få utretta forskjelleg også i 2010 ;både på det byggtekniske, det sosiale, det familiære og det friluftsmessige området :)


Dei beste ynsker til deg og dine :)
Håpar inderleg på mange gode stunder i lag i året vi har i vente!

Bildedokumentasjon av dei siste månadane :)

SØNDAGSTUR TIL DINGLAVATNET






LØFSEBAKING I KRIKEBØVEGEN



JULEKORT-PROSJEKT


MURINGSARBEID PÅ GARASJA






Kveldskos med Vetle si heimelaga bok


Vetle fekk prøve eg på hesteryggen innpå Bjørke

Den heimesnekkra sengebenken på kjøkkenet er ferdig - her vert det flott å lene seg bakpå å sjå oppvasken forsvinne :)


FLATBRØDBAKING PÅ RØDE KORS HUSET



DEN STORE VÆRA-SLEPP DAGEN






FINGERMALING




MEIR GARASJE...

FYRSTE SNØVEN :)



Stuggu
JULEMANNBAKING PÅ TØMMERBAKKEN
TUR I SKOGEN PÅ LEIT ETTER EIT HØVELEG JULETRE

BESØK PÅ JOBBEN TIL PAPPA (lapp på julekalendaren vår)

PEPPARKAKEHUS-TUN nr.1




FARMOR 86ÅR



SNEKKERARBEID PÅ GARAJSA - GODT I GONG :)




HOPP I HØYET, JULEKOS OG NISSEBESØK I KOLBEINGARDEN

7 kommentarer:

Anonym sa...

den garasjen så større ut enn jeg trodde! så fint dere har det! GOD JUL!


Oda B Brune

oss her nede sa...

Mykje godt arbeid er gjort på Tømmerbakken, somt vise godt anne vise ikkje so gått, men sånn er livet. Gler mej til å besøke hytta til Vetle, klart ein slik søknad måtte prioriterast. Jule og nyttårsklem frå oss her nede.

Kaos eller ro? sa...

Herlege gutar og flotte bileter!!

God jul og godt nytt år til deg og gutane!!

Kaos eller ro? sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Torill sa...

"He han Ola tatt barten sin?" var det ej satt igjen med etter alle bilda. Ej må inn igjen og sjå igjen en anna dag og heller kommentere en gong til. Du veit kor satt ut ej kan bli av manna som tek barten og skjegget sitt. Berre spør na pappa. Hehe :-)

Torill sa...

Ja no he ej fått samla mej litt... :-) Dokke finne på nåke heile tida kan enn få inntrykk av. Mykje prosjekt, det e sikkert. Og tid til tura i skog og mark me. Kar får dokke det frå? For ei store garasje, skal det vere fjøs eller nåke i tillegg? Mykje baking og sosiale tilstelninga me, veldig kjekt. Skulle gjerne ha vore der :-) Fin sofa dokke hadde, likte lyset som la sej over. Må nok ta en tur i huset når ej kjøme heime neste gong. Må no prøve kjøkkenbenken :-) Ha ei god romjul. Klem.

Kathrine sa...

jeg må innrømme at jeg nå har lest gjennom alle bloggene dine og sett på bildene - Gud for en nydelig plass dere har!! Helt utrolig vakkert!