Ja tenk, snart er året 2010 historie og vi lurer på kva veg tida tok!?
Nok eit hektisk år har gått for oss småbønder her oppe på Tømmerbakken, og det har igjen og på alle måtar vore eit innholdsrikt år.
Sjølv om vi straks rundar 1,5 års dagen etter innflytting, så held byggeaktiviteten seg fortsatt oppe. Ei stor og god garasje har tatt form dette året og er mesta ferdig. Den manglar berre eit strøk med tretjøre og 2 garasjeportar, noko vi får styre med så snart det vårast her oppe.
Småbønder er me, men faktisk så er vi dei største bøndene i Vikebygda med "heile" 13 vinterfora sauer, 9 høner og 6 bisamfunn. I vår såg 17 lam dagens lys, den dårlege sommarsesongen gav 30 kg honning og Vetle tek jobben med eggsal veldig seriøst.
Det er stas for oss å ha eigenprodusert ribbe til jul og det ser ut til at gutane ikkje reagera på at "Joffen" he blitt ribbe, fårikål, rull og spekekjøt...
Vetle blir 6 år rett over nyåret, he mista 2 tenner og gleda seg no til å verte skulegut. Vetle kan vere til god hjelp med dyr og småsyskjen dersom det passar nasa den dagen. Han er arbeidskar med små og store prosjekt. Han er ivrig på ski og det er kjekt å sjå korleis dei utviklar røynslene sine.
Olve er ein solstråle med gryande 3års trass!Han likar å syngje og spele spel, og han fyl oftast hakk i hel på broren. Stolt lærte han å skrive namnet sitt no i haust og det var ein "happening" å måtte på sjukehus for å trekke ei skada tann.
18. august kom Helle-gullet til verden etter 5 kvarter på fødestova :) Ho er ei nøgde taus som brorane er veldig stolte av. Ho forsto brått korleis ho skulle rulle seg og her om dagen fann vi ho att under oppvaskmaskina:)
Marita he tatt permisjon heile skuleåret og alle (dyr, mann og barn) nyt godt av det! Vi nyt å kunne flekse litt no før bonja forpliktar seg til organiserte aktivitetar og skulegang. Det blir lite eigentid, men eg finn oftast glede i kvardagslege gjeremål på garden. Heldigvis har vi Era som dreg oss vaksne litt ut på tur kvar dag.
Tore vart tilbydd permisjon ifrå Volda grunna overtall på anestesiavdelinga og jobbar for tida på helikopteret samt at han frilansar litt som snekkar og på ambulansa i Volda. I haust har han fått flisfyringsannlegget i drift og det merkast både på temperaturen i huset og på straumrekninga :)
Det var ei lita oppdatering herifrå. Må få takke for koselege julekort og helsingar frå det ganske land no til jul- det veks til og er innhaldsrike kvardagar i andre heimar også :)
Og til slutt: Tida kjem!- har de tenkt på de oppi ein travel kvardag?
Å kor me gleda oss til alt me he` i vente.
Julegod frå Marita, Tore, Vetle, Olve og Helle
(Siste månadane i bileter...)
HAUSTTUR TIL VELSVIKA
1 kommentar:
Så kjekt med ei julehelsing frå dokke. Masse flotte bilde. Dokke e heldige som he so mykje familie rundt dokke, det savna vi.
Kor e den gamma hen?
Ha ei fin romjul :-)
Legg inn en kommentar