mandag 10. september 2012

Hesjing 2012

Den gravide magen min vaks i takt med graset på markane i sommar og eg hadde eit håp om å få hesje før babyen melde sin ankomst. Med litt dugnadshjelp vart det rett so bra. Hogne-nabo slo graset med slåmaskin, pappa raka graset inn til hesa og farmor på 90år og eg he0sja!

Hesa sette vi opp "heim i Lida" og her er farmor på veg gjennom skogen...

"Den halte hjelper den blinde" ???
Neida, desse rakstedeiene var i storform!!
Farmor på 90,5år og eg med 7 dagar igjen til termin :)
 

 

Ungane storkosa sej med å krype igjennom hesa
og farmor var også veldig fornøgd: - tenk at eg virkeleg skulle få oppleve dette igjen!!!
 
 
Åso hadde det no vore godt å få inn tørrhøyet før babyen kom... Etter fire dagar med god tørke fekk vi veiromslag og ei stund var vi redde for at graset ville rotne i hesa, men det gjekk bra!!!! Rakk de også :)



18 golv med tørrhøy i hus!
Frakta heim tørrhøyet i 1000l vedsekkar som skal lagrast på løda.
Dette föret skal saudene få under lamminga til våren.





2 kommentarer:

Torill sa...

Eit kjekt minne med ei slik farmor :-) Godt å sjå du er i bloggemodus.

Anonym sa...

Store og små har det godt på Tømmerbakken. De gir alle godt stell. Håpar vi snart får til eit treff her i Solflekken også. Snakkast!