Om du var av dei som fekk eit mørkt julekort i postkassa, så var i alle fall tanken god. Posten tente lite og inkje på oss då årets julekort var så mørkt at det ikkje var verdt portoen...
Tradisjonen tru,og som lovt på julekortet, kjem det her ei julehelsing frå oss på Tømmerbakken.
Tradisjonen tru,og som lovt på julekortet, kjem det her ei julehelsing frå oss på Tømmerbakken.
Om du trykkjer på bileta får du sjå dei større.
-sikkert andre enn Tore som har begynt å sjå dårlig 😜
Biletet vart tatt då vi besøkte den imponerande klimatunnelen på Juvas.
2017 vart nok eit bra år for familien Dalebø Mork. Vi har vore
aktive, har ikkje hatt tid til å kjede oss, vi har for det meste vore friske og vi har skapt nokre gode minner.
Døgnet, veka og året skulle helst hatt fleire timar slik at enn fekk tid til å gjere enda meir av det ein har lyst til. Heldigvis kosar vi oss mykje med dei tinga enn må og bør gjere også.
I juni hadde vi ein flott lødefest i høve bryllaupet vårt 18.06.2016. Vi er takksame for alle som kunne feire i lag med oss. No har snekkerbuda blitt ein realtet og løda er på nytt fylt opp med reiskap, kajakkar, ved og birøktarutstyr 😉

Gaute: Litt lei barnehagen, men vil ikkje alltid heim når du hentar. Er ofte smilande blid,
men viser også at han vil bestemme sjølv. Han er treffsikker med hammaren, har
mysta si fyrste tann og lært å ta skitrekket.
Helle: Ynskjer seg hest, har lyst PÅ eller HA besøk heile tida, spelar handball, er omsorgsfull mot dei som er mindre, tek skeia i eigne hender og finn på både godt og gale. Helle er gjerne prinsesse med stor P, men oftast SuspeSara!
Olve: Tok til på Bratteberg skule i haust og har fått mange
nye vener. Olve elskar å køyre snowboard og har allereie vore kjempeflittig på
skitrekke. Han har spelt julesongar til oss på keyboard og han gledar seg til å
delta på verdens største skiskyttarfestival på Ål i april.
Vetle: La skiskyttarkarriera på hylla og satsar for fult på
handballen. Etter at laksefiskesesongen var over har han brukt ledig tid til å
vere i skogen; gapahuk, jakttårn, viltkamera, kredefisking og mårfellefangst har
stått på agendaen. I år produserte han 300kg potet og 20kg smågulrot. Rett på
nyåret blir han tenåring!!
Vi gledar oss til 2018.
Vi skal halde fram i same retning som før, men langt oppe på prioriteringslista står
«tid saman kjende og kjære».
Håpar vi sjåast 💓
Juleklem frå Marita og Tore
Vetle, Olve, Helle og Gaute
Vi skal halde fram i same retning som før, men langt oppe på prioriteringslista står
«tid saman kjende og kjære».
Håpar vi sjåast 💓
Juleklem frå Marita og Tore
Vetle, Olve, Helle og Gaute

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar