lørdag 19. juni 2010

Siste månaden i bileter!!!

Ja då er det ferie for min del!!! Ferien vert om litt avløyst av permisjon og så meir ferie... 14 månadar med fri frå lærargjerninga er i vente. Litt vemodig å gje slepp på elevar og kollega, men skal vel venje mej til det!
Tore har ei siste vakt igjen før sin ferie og gutane fire barnehagedagar igjen til sin.

Ferie er å gjere noko anna enn de ein gjer til vanleg seiast det... Ja me skal i alle fall ikkje smørje matpakkar og stresse oss ut dørene om morgonane, men vonar å få nytta og nytt dagane med ulike gjeremål på garden... I tillegg skal vi i år unne oss ein to vekers ferietur i Sør-Noreg. Hunderfossen , Oslobesøk, Kristiansand- dyreparken, Sabeltann og badeland, samt eit stopp på Langedrag står på agendaen.

Frå 10.juli vert vi nok å finne her i området og vi set sjølvsagt stor pris på alle som måtte ha lyst og tid til å legje turen innom oss :)


UNDERHALDNING PÅ MARKANE BÅDE SEINT OG TIDLEG HER ER PERIODE


10 leikande hjortar på marka underheldt oss vel og lenge. Før på kvelden hadde dei førestilling heim i Lida for naboane :)

HØNEPØNER
Kjuklingane trivst godt med å få spasere fritt rundt på garden dagane...
(Vonar MikkelRev ikkje les denne bloggen)




Ut på tur aldri sur!

17.MAI ER VI SÅ GLA I !!!










STØYPING AV GARASJEGOLV DEL 1 AV 2

TORVSKJERINGSDUGNAD







SAUEKLIPPING
Harald Vassbotn lærte villig frå sej klippekunsten




Sjå kor vene me vart!
ØYREMERKING


BIRØKTARSAMLING



ERA SIN SOMMARVASK...


KLARE TIL TORVTEKKING



TORVTEKKINGSDUGNAD





For ein flotte gjeng :)

Litt servering må til - langbord, brensnut og blautekake!
Kanskje de e håp om å få litt hjelp på neste torvdugnad også...



SØNDAGSTUR RUNDT BJØRDALSVATNET







BÆÆÆÆDISSANE VÅRE :) og nokre avLene sine!
To vaksne og to koppelam frå Kolbeingarden fekk ikkje ta turen til fjells og skal få beite på Tømmerbakken i sommar. Stas med flaske lam for Vetle og Olve, men lamma skal avvenjast til vi reise på ferie :)


Brundis og Guldbrand

KLARGJERING TIL STØYPING AV GARASJEGOLVET, DEL 2 AV 2


KVELDSMATKOS MED FAMILIEN MORK



MEIR GARASJE...


Liten traktor eller store garasje???
Garasja har i alle fall fått betonggolv over det heile no før ferien :)
-og då e det berre resten igjen!

mandag 3. mai 2010

Heno` skjedd litt siste vekene også gitt!!!

Ja tida får vi ikkje stoppa, men vi prøva framleis å nytte den so best vi kan :)
I fjøsen tel vi no 14 leikande og sprettne lam, 8 nybakte søyer og 1 drektig "jimbre". Det var kome mjølk i juret i kveld så kanskje er fetterane frå Oslo så heldige å få med seg ein fødsel i helga?
Sidan sist blogging har snøen lagt kvit på markane fleire gongar og det tek tid for graset å grønkast, desverre...
Halve garasja er no klar til støyping av plate, den eine av to piper er på plass, Tore lempar stein innåt murane i ledige ykter og det er venta eit lass med villmarkskledning til veka :)

Jammen måtte ikkje Roger fram igjen med snøskjæret...
19.april

TVILLINGFØDSEL
Brunfiol med sitt nyfødde jentelam Brunkrull

Oppe på føtene å leita etter mat i det mora fe nye pressrier...

Brundis og Brunkrull får godt stell :)

Soldrøs

GRAVFERD - Livets realitetar
På same stad som kyllingen i fjor sommar skal veiralammet til Jofrid få sin siste kvilestad...



Endeleg fann vi dei... ein eller annan stad måtte dei vere!
Når hønene tok til å gå ute heile dagane vart det brått slutt på egga, men no er gjøymestaden avslørt :)



Joffen som mora ikkje va særleg interessert i i starten klarer seg godt no :)

KYLLINGANE 40 dagar gamle


Heidrull, Heidar, Brundis og Brunkrull i nærleiken av mødrene Heidull og Brunfiol :)
AKSNESET
Kjøyretur innover Dalsfjorden med Siri og Søren gampane:)

Delar av villsauflokken på Aksneset.



Vetle gledar oss gjerne uoppfordra med blomar frå hagen eller barnehagen :)
Ridehjelm og ryttar he me på garden, berre hesten som manglar...
SØNDAG 2.mai
Der va saueflokken - utforskar skogane no :)

Olve med tørre brødskalar frå oppskjersmaskina på Kiwi!

-men ikkje so lett når dei ivrege sauane er større og sterkare enn guten..
Blåmann, Joffen, Besti og Heidrull


Oy, e visst fødsel på gong her...
I fødebinge i fjøsen, men progresjonen var liten og til slutt måtte lammet som låg fast dragast ut... Fyrste sauen me he måtta gitt fødselshjelp.

Myrull og Myrgutt

My kom med berre den eine klauen først og måtte også hjelpast til verden.

Vetle med fangsten etter dagens "skattejakt" :)

Snøkledde markar igjen....
3.mai