onsdag 15. juli 2009

Fyrste blogginga frå Tømmerbakken!

Når eg byrja å lage dette innlegget sto det ein del att før innflyttinga var eit faktum- men internetttilknytninga va på plass :) No er vi derimot i hus og om "litt" kjem det nok eit innlegg om det også.
Den siste månaden har også vore innhaldsrik og godt utnytta:) - 1,5 dag på ferie har vi også vore :)!!! Gardsbesøk på Ytste Skotet, overnatting i sel på Herdalsseter og som turistar i Geiranger med fergetur til Hellesylt var berre utruleg flott og stas:) Når "barnevakta" reiste på ferie flytta vi likegodt inn på øvsteloftet ei veke heile gjengen for å få nytta tida etter leggetid best mogleg...
Siste månaden i bileter følgjer:
Kaptein Sabeltann

JONSOKMORRO I BRATTEBERGFELTET

Solstrålen vår



Vetle ved Huldresteinkjelda
BOTNASETRA

Hageanlegget til Olav T. Vassbotn



VINDAUGSMALING

Heldigvis lenge sida ej mala dei på utsida og godt at ej ikkje he som mange vindauge :)
pussing, maskering, malin, sparkling, pussing, støvsuging og maling igjen



Ein nydeleg morgon på Tømmerbakken - ikkje verst å vakne her altso!!!!

Orkide`

panelen på kjøkkenet e på plass

Dørene er sett inn..
Nokon arbeider og andre.....


LISTVERKPRODUKSJON
Kapping av materiale til listverk

Fresing av listverk i snekkerbuda hass Inge :):):):)

Ferdigprofilerte lister

Grunning, sparkling,pussing, støvsuging og maling av 400m med listverk gjekk som ein røyk hjå målarmeister Marita :)

Tore finskjerer listverket, resultatet ser du i neste blogg :)

1. HELIKOPTERLANDING PÅ TØMMERBAKKENKjekt å få besøk, men..................................

Her var det meste av vindauge ute av karmen og inne til måling.....
Tørrhøyet på marka vart effektivt
flytta i hus, men hadd vore gildt om du prøv å få det inn i løda neste gong Gunnar :)
Soverommet vårt går no for "høyloftet" og Roger nabo fekk seg gras på taket han og`.

Heldigvis hadde eg ikkje mala på 5-6 timar...


Dokke e hjartans velkomene attende, men sei gjerne i frå på førehand so ej fe late att glasa :)

Ferdigslynga honning frå Tore si bikube må tappast på glas

TØMMERBAKKENS SOMMARHONNING


berre etiketten so mangla..

Vidar på rampen der bikubene, som kjem i slutten av juli ,skal stå


sommar, sol og blåbær på strå :)

sommar, sol og nakne fotelanka :)

Rekkverka til trappa er på plass


HELGEHONJE

Tante Grete og Onkel Dag va me oss på topptur i sunnmørsalpane :)


Sjeldant syn om dagen...
Familien Dalebø Mork på tur-aldri sur!!!

Vetle sin fyrste tur på Helgehonje til fots og namnet måtte han sjølvsagt skrive i boka :)


Utplassering av revefelle - spennande!

REVEFANGST

å fanst vart det også :)
Ein rev mindre som he lyst på kyllingane våre!


Endeleg var det mogleg å få sleppe til med målarkosten for Vetleguten også....
Hønsehuset har fått seg ein "sjeings" og er tette mot fiendar etter beste evne
- No kan berre hønene flytte inn :)


To gode ARBEIDSKOMPISAR :)
-GeilaAnders og TømmerbakkVetle-

Tore lutar panel


Kveldsmat på vårt provosoriske kjøkkenbord

-At me ikkje he tenkt på dette før...


ERA


Våre kjekke naboar heim i Nedrelida :)

Ytste Skotet i Storfjorden



Kos med kje på Herdalssetra

6 kommentarer:

Kaos eller ro? sa...

Hei Marita,
og til lukke med flott hus! Ej bøye mej i støvet. Jøje mej kor mykje arbeid dokke he lagt ned. FLinke e dokke.
Flotte bileter av gutane. Ditta buret var lurt. Trur ej må få meg eit slikt! Ha ein vidare god sommar og kos dokke mykje på tømmerbakken!!
Sommarklem frå Trude

Anonym sa...

Så flott dere får det Marita, og for noen kjekke gutter du har :))God sommer videre, var kjekt å treffes hos Gunn :)) Klem Mathilde

Torill sa...

Å so kjekt å lese at dokke he komt i hus. Kor lenge he vi ikkje venta på det?! Ikkje minst for dokke, hihi... He du fått nåke senebetennelse av all dinna malinga? Det e det ej frykta mest når vi skal sette i gang om nåken mnd. He vore på ferie i 4 daga no og kom heim til planert tomt. bilde på bloggen etterkvart. Ej gleda mej med stor G til å kome på besøk. Kjem til Volda tidlig eller seint i august. Hekje bestemt oss. Å, ej vart so glade på dokka vegne!

Anonym sa...

Halloen Marita og co! Det var stusseleg å kome heim frå ferie og dokke ikkje var her, men veldig kjekt at dokke kjeme dokke inn i nyehuset....må vere deilig!
Dokke he vore utrulig dyktige og arbeidsame og fått eit kjempeflott hus m.meir. Må ta oss ein tur fram og sjå tenkjer eg. Hels go'gutane og klem dei frå mej ;o) Klem til dej også. Lene.

Torill sa...

Ja dokke e heldige som endeleg he fått flytta inn i huset, men ej trur det skal gå litt kjappare for oss enn for dokke. Vi gjer ikkje so mykje sjøl som dokke he gjort. Håpe no iallefall på å få flytta inn til våren en gong.

Sigrun Kristine Nordahl sa...

Heia...
Ej sitte berre å beundra allt dokke he fått til!! Må virkelig få skryte å sei ej e IMPONERT:-) ei nydelig lita familie du he Marita, unne dokke allt godt, å håpe dokke stor kosa dokke i guds nydelige frie natur der framme. Der e so idyllisk atte...
Helgeklem frå Sigrun ;-)