tirsdag 14. juli 2009

Kyllingprosjekt e stas!

Fangsten vart ikje det heilt store å skryte av, men spennande har det i alle fall vore - å de for både liten og stor :) På returen frå Halden var vi innom Langedrag å henta oss 17 hønseegg. Desse låg i rugemaskina i ca 21 dagar berre med dagleg påfyll av vatn og litt vending. Undervegs i prosessen lyste vi egga med ei spesiallommelykt og kunne med det konstantere ein del ubefrukta egg. 3 dagar før venta klekking kunne vi høyre det peip inne i egget - det vart hol og den fyrste kyllingen vår såg dagens lys :):):):) Rørande og fantastik!
6 kyllingar vart klekt i løpet av 4 dagar, men livet er hardt og brutalt og etter litt gravferd og slikt sit vi no att med 4 livskraftige kyllingar. Spenninga no er kva kjønn desse kyllingane har....

Rygemaskina opp på baderomsinnreiinga slik at ingen nyskjerrige små fingrar skulle få tak i den....

Juhu... Den fyrste kyllingen vår :)

Spasertur på badegolvet ca 5-8dagar gamle

Dei rota pittelitt!



Slik ser dei ut no- klar for litt større horrisontar!!

Det gamle hønsehuset til ho Berta e rydda og spøta oppatte.
Når fleire årgangar med hønseskit og
papp-innreiinga fjerna og nye vegga spikra og mala so vart det slettes ikkje so verst..
-Åso får vi håpe at ikkje reven kjem seg inn her!
Om nokon lure so e han Tore flinkare å snekkre enn ditta.... les: Marita so he snekkra av skrotmaterial :)


1 kommentar:

Kaos eller ro? sa...

Heia Marita,
ej la dej til lese lista på bloggen min ej. Håper det er ok?
Hels gutane frå mej. Ha en god sommar!
Helsing Trude