fredag 16. april 2010

Yrande dyreliv på Tømmerbakken!

Her går det føre seg, men i høveleg tempo :)
Tre søyer har no lamma med 3 dagers mellomrom og alle har fått flotte tvillingar. Det har vorte nokre hyppige turar i fjøsen både dag og natt i det siste og det er like spennande kvar gong. Dei to siste søyene lamma ute og alle har klart seg sjølve. Det er rørande å sjå kor naturen er tillaga - sauene har aldri lamma før, men tek til å slikke desse nurka straks dei er fødde og lamma finn sjølve vegen til spenane - litt meir hjelpalaust ein lite menneskjebaby...
Kyllingane har no fått seg ny bupel der arealet er 6 gongar større og temperaturen 8 gongar lågare. Adressa er ikkje lenger ei pappkasse i svalgangen, men det gresne hønsehuset nedi løda - noko det ser ut til at dei trivast med.
Våren synte seg frå sine vakraste sider her nokre dagar: lam kom til verden, biene tok sine fyrste flygeturar for sesongen, pus er mesta aldri heime og ber preg av at det er kamp om damene her i Vikebygda, linerla og storehønene trippar i tunet og dei fyrste blomane kika opp or molda. Nett no er det derimot låge temperaturar og snødekte markar igjen - vi får tru det var den såkalla "erlerida" som vitja oss og at dette blir det siste vi ser av kongvinter for denne gong!!

BÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ
Våre ferskaste familiemedlem fødde idag (fredag) i den gamle gjødselkjellaren medan det snøva ute. Heidull vart mor til eit væralam og eit sauelam som båe skal få namn på H etterkvart.

Tysdags morgon var det kosesauen Florita som hadde lamma ute når vi kom i fjøsen på morgonen.

Ein stolt Vetle med sauelammet Flora :)

Kjempestas å få syne tante Grete (fotografen) lamma våre :)

Blåmann og Besti, våre fyrstefødde.

Flora og Flekkfrid

Vår !!
Markane tek til å verte snøfrie og eit aller anna etande er der allereie for sauene er på ivrig leiting...

Blåne, Blåmann og Besti har slept ut på markane...

HØNE-PØNE
Gløs frå hønsehuset

BZZZZZZZZ... Tore har tatt vårreingjering i bikubene .
Ut å drite...
-så sesonens fyrste flygetur og jammen hadde dei ikkje med seg gult pollen attende til kuba :)
KYLLINGNYTT
Ikkje mykje plass i terariumet no når kyllingane har vorte så store
- her på flyttefot til hønsehuset.

Feiaren er framleis den minste.. kanskje ei silkehøne eller av ei anna lita rase.

Reine ungdommen blitt med fjøyr og de heile :)

VÅRYR SLOSTKJEMPE
Oyoyoy!
Ikkje akkurat noko vakkertsyn i morgonsola...
Lauv, mold, gras, furunåler og småsår "all over"
Så då vart det skikkeleg KATTAVASK

-vakje mykje te kar her nei...

men såg straks kjekkare ut nokre dagar seinare!

Mjauris hadde forresten time med veterinæren for kastrering to dagar før han kom heim etter slosstinga, men trur du han kom heime til avtalt tid? Timen måtte avbestillast og gutten kom ruslande heim med ballane i god behald utpå ettermiddagen...

3 kommentarer:

Inghild sa...

Eit herleg liv ser det ut til.

Spennande å høyre den komande skjebna til Mjauris...

Inghild :)

Hulda, Sigbjørn, Saga Dis og Dilja Mey sa...

Herlig å lese... navn på H, ja... Kan ikke dy meg med å komme med forslag.. Heidrun og Heidar ;) Gleder oss til å besøke dere i sommer og hilse på alle de nye familiemedlemmene!

Torill sa...

Å for en fine pus! Likte bilde av hanen som takk haudet ut av gluggene. Ej me må foreslå H-navn. Hilda, Hilmar (pappa he det som 3.navn), Hortensia...