Ja då er våren verkeleg komen på Tømmerbakken!!!
Idag har snøven bråna i høgt tempo og i kveld kom våre fyrste lam til verden.
Blåne har trekt seg unna og synt dårleg matlyst idag så vi har hatt nokre hyppige visittar i fjøsen... I kveldinga var fødselen i gang og ho fekk seg eigen lammebinge inne i fjøsen. I 23 tida var ein flott og svart vær med kvit panne fødd. Medan eg sto å beundra dette fantastiske livet som alt hadde teke beina fatt fekk eg sjå systra kome til verden :) No tek bøndrene kveld etter ein siste sjekk i fjøset der begge lamma no har funne vegen til matfatet... :)
Må innrømme me`e`litt stolte!!! Ikkje kvardagskost å få tvillingfødsel på ein sau som var lam i fjor helller :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Til lukke med dei flotte lamba! Nydelige var dei!!
Å so skjønne. Fekk lyst på nåken sanne :D
Du såg so fresh ut, he du fått sol på dej eller e der et anna triks for å sjå litt frisk ut? Ej ser heilt gala ut og treng dei tips ej kan få.
So herlig!! :)
Gratulerer som besteforeldre da eller??? hehe! ;)
Legg inn en kommentar