søndag 11. april 2010

Våre fyrstefødde!!!!!

Ja då er våren verkeleg komen på Tømmerbakken!!!
Idag har snøven bråna i høgt tempo og i kveld kom våre fyrste lam til verden.
Blåne har trekt seg unna og synt dårleg matlyst idag så vi har hatt nokre hyppige visittar i fjøsen... I kveldinga var fødselen i gang og ho fekk seg eigen lammebinge inne i fjøsen. I 23 tida var ein flott og svart vær med kvit panne fødd. Medan eg sto å beundra dette fantastiske livet som alt hadde teke beina fatt fekk eg sjå systra kome til verden :) No tek bøndrene kveld etter ein siste sjekk i fjøset der begge lamma no har funne vegen til matfatet... :)
Må innrømme me`e`litt stolte!!! Ikkje kvardagskost å få tvillingfødsel på ein sau som var lam i fjor helller :)

Fyrstefødde i nyare tid på Tømmerbakken
Værlam

Tvillingane får godt stell..

mmmm mjølk va godt!!!

Hardt liv - treng kvile også :)

SPENNANDE MORGONSTUND I FJØSEN :)

Vetle he alle mest lyst til å halde no med det same :)

To kjekke og spreke lam


3 kommentarer:

Kaos eller ro? sa...

Til lukke med dei flotte lamba! Nydelige var dei!!

Torill sa...

Å so skjønne. Fekk lyst på nåken sanne :D

Du såg so fresh ut, he du fått sol på dej eller e der et anna triks for å sjå litt frisk ut? Ej ser heilt gala ut og treng dei tips ej kan få.

Siw sa...

So herlig!! :)

Gratulerer som besteforeldre da eller??? hehe! ;)