fredag 1. mai 2009

Status Tømmerbakken pr 1.mai 2009

De he vore mykje jobbing og lite blogging i det siste... men no ser ein veldig at det byrjar å likne eit hus, også innvendig!!
I grove trekk står det for vår del att 2 soverom å panelere, 2 strøk maling på tapet, peis-vannbåren varme og golvlegging i stova, (åso bad nr 2 og heile underetasjen da.. - men de blir neste år eller noko...)
Trappa og bad-, kjøkken og vaskeroms innreiing er under produksjon og snekkerane har lova å setje inn dører, framfore og liste heldigvis -Håpar berre ikkje dette dreg ut noko lengd!
Våren er her for fult, om det ikkje er sommaren som er komen alt :) De har i alle fall vore deilig å nytte det gode veiret til å få lage til litt utandørs også.

Andre nye ting i livet våra er at lisje Era er fødd! Medio juni skal denne gode Malamutekvalpen skifte adresse frå Halden til Volda :):) -noko som skal vert kjempespennande. Dessutan er Tore vorte eigar av to bisamfunn med tilsaman 40 000 bier i.
Nedanfor finn de dokumentasjon på kva som har skjedd sidan forge blogging... - For det meste kjekke ting, men det er med gru vi tenkjer attende på då Tore tok baklengs salto og datt på haudet 2 meter ned i betongtrappa på Tømmerbakken-det kunne gått skikkeleg gale...


Eit kjapt bilete før det bar til Sjukehuset i Roger sin audi..

Tore som pasient..
Her med ferdig-gipsa "bøllebrudd" og med 8 sting i bakhovudet.
Ei natt på overvåkninga fekk han også teste.
- felt å vere i Oslo og ikkje kunne hjelpe. Gutan var i gode hender heime hjå mormor og besten.

Fyrste oppfyring i den vedfyrte komfyren vår på kjøkkenet!

GRØNDALEN- Røde Kors Hytta
Mars 2009
Vasshenting i elva va spennande for både liten og stor


Hytta har eindel besøk- so det var måka både rundt hytta og til do før vi kom.


Kveldskos :):)


Lunsj på den nye terassen bak hytta!


Quitzie og Vetle i fint driv...
Ikkje so verst med sitte eige skitrekk!!


Pølsespidding bak hytta.
Familien Haugland Haddal skal vere til i morgon.


Menyen er av nye dimensjonar mot korpsturar i gamle dager...
Heimelaga pizza, hjortekjøt og ovnsbakte poteter, raspaball, after eight kake, sjokoladekake og brownies...


Vetle, Heidi og Olve
Grøndalshytta har skjulte sengeplassar...


Vinterstemning!

Vassbårenvarmerør i metervis...


Vårvinje, eller i allefall opparbeiding av plen.
Det er kort veg frå sol til snø!


-åso kom de å snøva...
GeilaAnders, Vetle og Olve he monge prosjekt!


Golv i trappegangen også på plass


"Pynte"Hemsen i stuggu på plass, berre spottane som manglar.



Morgonstemning :)
Skodda låg til longt på dag ned på land!


Marita he draget på jarnriva, stein skal vekk!


OlaBesten he henta singel på Grevsneset..


Valnøttparkett og peisen på plass på kjøkkenet


Forsterking av bjelkelaget under peisen


Peisinnsats med stålplate som skal fordele vekta av peisen



To gode naboar!
Vetle stooorkosar seg saman med Roger, dei he monge prosjekt..

Hovudsoverom i 2.etg


To kjekke kara i fin leik :)


Vassbårenvarme-systemet



Pølsespidding på tunet





Lutbehandla veggpanel

Solding av mold til plenen



Tore i fin stil i vårt private "Tømmerbakken treningsstudio"!!

Marita planerar plen..
Årets fyrste mygg he forresten ståkke mej :(

fredag 6. februar 2009

Vårvinje på Tømmerbakken!!

Nyttar ein sjeldan frikveld til litt skippertaksblogging.. Travle dagar også etter jul, men vi har haudet opp og føta ned og er rett og slett stornøgde med tilværet ( minus stresset da..)
Roma teke form og det er godt at arbeidet faktisk vise igjen og ikkje vert gøymd i ein vegg eller i eit golv :)
Dei siste vekene har det vore snøfritt og vårleg i lufta her hjå oss og plutseleg stod gravemaskin"karen" vår på tunet. Ikkje meir enn 10 mnd for seint, men "den so venta på noko godt ventar ikkje forgjeves"!!!
Ditta kan han :) Vi har fått plenar, trapper, garasjetomt, straum- og telefonkablar, vegar og dessutan er gamlehuset historie.

Marita trivast godt i jobben som lærar, Tore har litt betre tid til ungane og jobbing i huset etter at han reduserte stillinga si til 75%, Vetle er stolt av å ha fått styre gravemaskina ilag med "ReiteTerje" idag og Olve er solstråle dagen lang.


GANGSYSTEMET- Før og etter.


Vi he fått oss plen!!!



Terje Reite i aksjon!
Garasjetomta under graving...

Kjellargangen ferdig panelert.
Marita og Ola har behandla 130 m2 med panel!

Badet har fått glasbyggarstein i durjshjørnet :)

VEGAR OG TUN

Garasjetomt







Sola er komen - he' ne' ca 6t per dag no :)

Inge Lid skal ferdigstille brannmuren på kjøkkenet :)
GAMLEHUSET ER HISTORIE!



Det va smått med isolasjon, men spiker hadde ikkje dei spart på i alle fall :)

Ivrige tilskodarar

Siste fjerdedelen av huset kolva han i eitt jafs :)

Ny utstikt...
-sjekk det nydelege veiret forresten!!!!

lørdag 3. januar 2009

Kommentarar til innlegg på bloggen

Grunna kommentarsperre i innstillingane for bloggen min har nokre hatt problem med å få publisert kommentarar på innlegga våre. Dette er no i orden og alle er hjartans velkomne til å legge igjen ei lita helsing :)
Nyttårsklem frå Marita

søndag 21. desember 2008

Utfylljande julehelsing anno 2008

God Jul til alle våre kjende og kjære!

Som de kan sjå av utsendt julekort med opptil fleire "skriveleifar" går kvardagens gjeremål unna i høg fart. Ingenting gjer seg sjølv og alt tek tid, så i år freista vi å økonomisere tid ved å blogge julehelsinga vår.
Av tidlegare innlegg på bloggen kan de sjå at det meste av tida vår går med til husbygging i tillegg til at vi prøva å skjøtte ungar, jobb, heim og venner etter beste evne, tatt forholda i augesyn.
Marita har jobba mykje som tilkallingsvikar i haust og tek til i ei 80% stilling som kontaktlærar i ei 3.klasse frå 01.01.09. Tore har jobba fulltid på sjukehuset i Volda sidan i sommar og skal frå nyttår redusere til 75%. Dette gir oss vonleg meir fleksibilitet i kvardagen og betre tid til ungane som jobbar 60 og 80 % i barnehagen, samt enda større framgang av gjeremål på Tømmerbakken.
Vetle blir 4åring i januar, er roleg, gjerne arbeidskar, hugsar det utrulege og har ofte ei god historie - ein vits eller nokre rimord på lager. Olve 15mnd er av eit anna kaliber, er høgt og lavt med eit smil om munnen, stabbar i veg og er for tida syselsett med å gjere alt han ikkje får lov til.

Med Tore sitt motto: "Det me ikkje gjer i dag må me gjere i morgon" skal vi halde oppe "trykket" inn i det nye året og ser fram til innflytt i eige hus når den dagen kjem. Vi gleda oss mykje til sosiale samkome ilag med deg i året som kjem og ber om tilgjeving for dårleg "pleie" i året som har gått.
Reven tok for øvrig grovt for seg av hønene i sommar og Mattilsynet sette kjeppar i hjula for sauehaldet, men vonleg vil nye to- og firebeinte bli ein del av kvardagen vår på Tømmerbakken i løpet av sommaren.

Dei beste ynskje om eit godt nytt år til deg, hugs:

Du har noko ingen andre har, ingen er som du.
Du har noko og litt av kvart å lære meg.
Takk for at eg møtte deg!

Må forresten rette ei stor takk til mamma og pappa for gjestfridomen, samarbeidet og hjelpa vi får medan vi bur i kjellarleiligheita, samt til svigermor og svigerfar for kjærekome barnepass og middagsmåltid. Dette sett vi umåteleg stor pris på - dokke er gull verdt og vi er veldig glade i dokke.

Vetle og Olve eller "Velte og Kolve" testar rattkjelkeføret på Tømmerbakken.

Olve og villsauen Smetta, Hestehornet i bakgrunnen.

Pappakos! Viktig prioritering innimellom husbygginga :)


Gullgutane mine, Olve og Vetle.



Bålkos med Mormor og Besten på juletreskogen.


Velte under Lussiafeiring i barnehagen.

..også å finne i gryteskapet til mormor..


Skifergolv i inngangspartiet.


Målarmeister Marita, baderomspanel.


Natursteins-brannmuren på kjøkkenet tek form...



Tømmerbakken i vinterdrakt!




Badet i 2.etg


Stuggu har fått julestjerne.

Siste solglytten i Løypingsskaret dette året, 15.desember.


Tore, Marita, Vetle og Olve