Ja då er våren verkeleg komen på Tømmerbakken!!!
Idag har snøven bråna i høgt tempo og i kveld kom våre fyrste lam til verden.
Blåne har trekt seg unna og synt dårleg matlyst idag så vi har hatt nokre hyppige visittar i fjøsen... I kveldinga var fødselen i gang og ho fekk seg eigen lammebinge inne i fjøsen. I 23 tida var ein flott og svart vær med kvit panne fødd. Medan eg sto å beundra dette fantastiske livet som alt hadde teke beina fatt fekk eg sjå systra kome til verden :) No tek bøndrene kveld etter ein siste sjekk i fjøset der begge lamma no har funne vegen til matfatet... :)
Må innrømme me`e`litt stolte!!! Ikkje kvardagskost å få tvillingfødsel på ein sau som var lam i fjor helller :)
søndag 11. april 2010
søndag 4. april 2010
Då kom våren med meir engergi til mej!!!!
Eller var det med påskeferien den kom??? eller er den trøttaste delen av svangerskapet over kanskje??? I alle fall energi og tid til litt blogging: så her kjem eit attersyn med vinteren 2010!!!
På Tømmerbakken står det bra til og også vi er glade for at snømengda minkar for kvar dag som går... tenkjer sjølvsagt litt på lam og sauer som heilt sikkert hadde såtte pris på snøberre markar etterkvart :)
Den fyrste vinteren i nytt hus, utan traktor og med sauer i fjøset har gått kjempe bra. RogerNabo har vore til god hjelp med måkinga, noko vi er veldig takksame for.
Gutane har vorte nokre racera på ski, Tore har vore ein flittig bonde i fjøset både seint og tidleg, og eg sjølv har fungert bra til trass for samanhengande "kvalme" sidan ei stund før jul (termin medio august :)
Den fyrste vinteren i nytt hus, utan traktor og med sauer i fjøset har gått kjempe bra. RogerNabo har vore til god hjelp med måkinga, noko vi er veldig takksame for.
Gutane har vorte nokre racera på ski, Tore har vore ein flittig bonde i fjøset både seint og tidleg, og eg sjølv har fungert bra til trass for samanhengande "kvalme" sidan ei stund før jul (termin medio august :)
Vinterveiret har vore perfekt til å følgje med på mellom anna sola... No har vi den i ca 14 timar for dag.
Verdt eit forsøk når han ikkje fe tak i småfuglane ved å jakte på bakken...
Her vert det do og vask, samt mykje plass til kle og sko he me funne ut!
Gjestane kan få gå på do oppe :)
RUGEMASKINPROSJEKTET MITT
ved Vikebygda skule
Etter 21 dagar i rugemaskina på klasserommet kunne vi høyre piping og hakking inni egga. Små hol vart etterkvart større og til slutt såg 10 kyllingar dagens lys.
Ned på land låg tjukkeskodda til langt utpå førmiddagen...
(Skulelevane var igjen lenge etter skuletid for å få kose med kyllingane og eg har lovt at dei skal få kome å helse på etterkvart)
PÅSKA 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)