torsdag 11. oktober 2012

Gutta på Gammetur

Når ventetida var over og Gaute hadde funne seg til rette i heimen, kunne gutane fare på overnattingstur til gamma.
Jordgamma vart laga av utefagsstudentar på høgskulen for mange år sidan, men lite veit enn om kor mykje bruk som er på den. I fjor haust gjorde vi dugnadsarbeid der og Vetle har masa mykje om ny overnattingstur dit. Turen går frå bommen på Solhøgda, råsene opp mot steinhusa, skogsvegen utover mot klepp nokre hundre meter og så ny rås opp igjennom skogen. Godt gjøymd, men ikkje hemmeleg!
 
 
 


 


 
Turen gjekk heim gjekk til fots via Vardehornet og Reset!
 

 
TIPS: Om nokon vil sjå bileta litt større kan ein dobbelklikke på det øverste bildet i eit innlegg og derifrå blade seg gjennom bileta!


mandag 10. september 2012

Hesjing 2012

Den gravide magen min vaks i takt med graset på markane i sommar og eg hadde eit håp om å få hesje før babyen melde sin ankomst. Med litt dugnadshjelp vart det rett so bra. Hogne-nabo slo graset med slåmaskin, pappa raka graset inn til hesa og farmor på 90år og eg he0sja!

Hesa sette vi opp "heim i Lida" og her er farmor på veg gjennom skogen...

"Den halte hjelper den blinde" ???
Neida, desse rakstedeiene var i storform!!
Farmor på 90,5år og eg med 7 dagar igjen til termin :)
 

 

Ungane storkosa sej med å krype igjennom hesa
og farmor var også veldig fornøgd: - tenk at eg virkeleg skulle få oppleve dette igjen!!!
 
 
Åso hadde det no vore godt å få inn tørrhøyet før babyen kom... Etter fire dagar med god tørke fekk vi veiromslag og ei stund var vi redde for at graset ville rotne i hesa, men det gjekk bra!!!! Rakk de også :)



18 golv med tørrhøy i hus!
Frakta heim tørrhøyet i 1000l vedsekkar som skal lagrast på løda.
Dette föret skal saudene få under lamminga til våren.





Eggjakt

I sommar har hønene fått gått fritt ute på dagtid og storkosa seg med det. Arbeidskarane som har vore her har dagleg fått "hønsekakkel-konsert" for når hønene legge egg går det ikkje akkurat stilt for seg...
 
Men kvar har dei no lagt desse egga? Jau litt her og mykje der!!!
Ungane har hatt seg nokre runder på eggjakt og ein dag fann dei ei skikkeleg gullgruve :)
 


 

tirsdag 4. september 2012

"Små" & STORE prosjekt

Det styrast med forskjellig på Tømmerbakken - prosjekt av ymse storleikar og slag!!
-som foreksempel:
 
  • Gaute såg dagens lys 25. juli 2012, 13 dagar over termin. Snertne 3550g og 52cm og aldeles nydeleg var han (sjølvsagt).
    OG
  •     Fjøsbygninga del 1 og del 2 er fullført. Tomta er grova og murt opp, betongarbeidet er
        ferdig og det er klart for snekkerane :)

                                             

 


                                                                      
--------§---------
 
 

GAUTE

"Fersking"
25.07.12 - kl.02.18+++


 
Det vanka flagg og boblebrus etter slike bragder!
 

Fyrste møtet me storesyskjena sine :)
 
Då var det klart for heimresise....
Vi er takksame for nok eit flott opphold på fødeavdelinga ved Volda sjukehus!
 
 Velkommen heim Gaute - "blolen vål"
Tore og ungane hadde pynta litt!
 
Stolt og evig takksam oldefarmor som no har 11 slike gull!!!
 
 

FJØS

Fyrste gravetaka 5.juni 2012

Helle og besten tok over maskina når ReiteTerje tok kveld... litt skummelt!!


Forskala og armert gjødselkjellar, 2.juli 2012.

Fyrste støyping, 3.juli 2012
 





Her rivast det forskaling!
Og Vetle gjorde eit heilt stykke arbeid i dag - han var skikkeleg til hjelp; ein milepel!

 
 


ReiteTerje er ein racer å mure!!!



 


 

Støyping av fôrbrett i sauefjøset


Arbeidskraft og tilskodara frå Berger Gård


Klart for røysing!!! Snekkerane kjøme neste veke :)