tirsdag 27. desember 2016

Julehelsing 2016

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!

Ja då vart julehelsinga ein realitet! - den har murra "fremst i bakhovudet" ei stund og berre venta på at det skulle bli tid til den :)

2016 går inn i historia som " Det året vi gifta oss" :)

På solsnudagen i fjor, 22.desember, stressa Tore meg heimover med beskjed om at saueflokken var alvorleg sjuk! og der i sauefjøsen sto han klar for å fri når eg kom. Nyhenda vart avslørt på julekvelden og planlegginga av bryllaupsferinga starta i romjula. Sidan eg hadde sagt at eg aldri skulle gifte meg med ein 50 åring så var det berre å hoppe i det :)


I mai hadde vi oss ei overnatting i Loen med forloverane våre med følgje; spa, middag og Via Ferrata sto på programmet.


18.juni var det min tur til å overraske litt :) då ei kvitkledd brud kom opp kyrkjegolvet. -Kvifor hadde Tore då fått beskjed om å pusse bunadsskoa kvelden før, og kvifor hadde mamma strøke bunadsskjorte? Etter flott vigsle i Volda kyrkje hadde vi eit stopp på bygdetunet Haualeite før resten av dagen vart feira på Rekkedal gjestehus i lag med dei nermaste.


Mi gode svigermor Aslaug vart akutt dårleg i slutten av september og den planlagde lødefesten vi skulle ha i haustferien vart sjølvsagt utsatt. Aslaug døydde etter få dagar på sjukehus. Gaute ynskte seg farmor tilbake då han skreiv på  ynskjeliste til julenissen. Vi saknar henne alle, og vi tek vare på alle dei gode minna frå tida i lag med ho.

Takkar for gåver og for dei som var med på å gjere dagen vår så flott!
 
Elles så syner bildedatabasa på PCen at vi har hatt tid til andre kjekke gjeremål også!

Det har blitt nokre turar i skog og fjell, nokre timar på skiskyttartrening, nokre turar på skiskyttarrenn og på handballkampar, dugnadar og mange timar i lakseelva i lag med Vetle og andre unge fiskarar. Det har blitt snikra, måla, saga og bært.
Det har blitt strøke 35,bunadskjorter dette året då vi har vore heldige gjestar i 3 konfirmasjonar, feira 17.mai og to bryllaup. Sjølvsagt stas for Helle å få vere brudepike i bror og Kristine sitt bryllaup også. Og som ho sa det sjølv:
- "ej skulle ønske dinne dagen berre kunne begynne på nytt igjen"!

Ferieturen gav oss dagar med både sol og regn, med klatring og bading, og med venner og kjende. Gaute feira 4 års dagen sin i eit vått telt på Flå og sidan det meste då var vått så vende vi nasa heimover. Heime venta gode venner som var klare for feriering i lokalområdet :) Storegutane er pittelitt kry av å ha gått frå hytte til hytte i Tafjordfjella, samt vore på to fjell som pappaen ikkje har vore på :) Trandalshatten og Saksa.

Garden har sine gjeremål året i gjennom og vi kosar oss med alle dei også. 29 søyer lamma i april og 55 lam vaks opp på Tømmerbakken. Vidare vart det saueslepp, tilsynsturar og sauesanking i Trandalsfjella. Frå biene hausta vi totalt 240kg honning, hønene har stortsett holdt oss sjølvforsynt med egg, Vetle tok opp 70 kg poteter frå eigen åker og han landa 4 pjakk/laks. Den største på nesten 5 kg metta mange til middag 2.juledag.

Eg lyt nytte høve til å takke dei som har hjelpt oss med å flytte bier, slått slåtteenga med slåmaskin og med sauesankinga. Tore har berre vore ein "halve mann" denne sesongen. Ei kranglete hoft har hindra han i å utføre ein del gjeremål og hindra han frå ein del flotte fjellturar, men han er heldigvis på bedringens vei.


Ungane veks til! Vetle er alt 6. klassing, Olve 4.klassing og Helle tok til på skulen no i haust. Gaute skal heldigvis gå i barnehagen i 1,5 år til :). Tore jobbar på anestesiavdelinga i Volda og eg er lærar ved Vikebygda skule.

Kvardagane og helgane går unna som ein røyk - tida går fort når ein har det kjekt seiast det!
Og som eg ofte seie: -skulle berre hatt enda betre tid til alt det kjekke enn styre med :)

I 2016 har vi altså hatt mange kjekke stunder i lag med dyr, venner, familie, kollega og kvarandre. Vi har blitt mann og kone, fått enda eit barn som skal gjere lekser, fått fylgje ungane på mange kjekke aktivitetar, ete mykje økologisk mat, drukke fleire flasker økologisk vin og vaska med miljøvennlege vaskemiddel når vi har vaska :) (gjeld forresten klede, oppvask og kropp) også.

No gledar vi oss på livet i lag i 2017!
- håper vi treffast :)








PS: Ekstra varme klemmar og tankar til dei som har det vanskeleg i kvardagen!
-Marita Dalebø Mork-

tirsdag 31. mai 2016

Bryllaup 18.06.2016

Det nærmar seg vel raskt bryllaup no!
Ein del er framleis berre oppi hovudet enda, men vi satsar på at vi rekk vigsla :)



Vi har etter påtrykk fleire stadar ifrå, skjønt at vi visst må til å seie noko om gåveynskjer til den store dagen...
- men berre så DET er sagt, det er ikkje derfor vi giftar oss!!!


Nokre tips til gåveynskjer finn de evt i eit innlegg her på bloggen.


Litt praktisk informasjon!


På Haualeite blir det litt servering; spekemat, frukt, brus, Kolonihagen-øl og "boblevatn". Vi stiller med transport både til og frå selskapslokalet på Rekkedal for dei som ynskjer det :)

Ynskjeliste til bryllaupet


Ynskjelister blir å finne hjå:



Jernia.no sel nokre gyter som vi ynskjer oss.

Lilla trillebår frå Felleskjøpet
Tupperware produkter (potetskrellar, bakebollar)

Vi ynskjer dessutan å invistere i til dømes:

- dobbel kajakk
- eltemaskin og anna bakeutstyr til baksterommet
- Espegard bålpanne
- transportpulk
- telt
- service og glas som vi ikkje heilt veit namn og nummer på enda...




Gleda oss til å feire i lag med dokke :)

onsdag 31. desember 2014

Julehelsing frå Tømerbakken 2014



Trykk på bileta for å sjå dei større!!!

Hoho!!! Trur visst bloggen min har blitt til ein juleblogg :)
 
Det er vel slik i kvardagen att ein stadig må prioritere og velje mellom alt ein må og har lyst til å gjere - og i denne prosessen så har ikkje blogginga akkurat komt øvst på lista for min del.
Men no kjende eg at det var tid for det!! Det som ikkje vart vaska eller baka før jul kan no like godt berre vere.  Vi har fått mange fine dagar på ski med ungane, sove "lenge", ete godt og elles hatt det fint desse juledagane :) I morgon må Tore ha seg eit jobbedøgn før det blir fullt hus her på nyttårsaftan :)
 
Tore jobbar no på helikopteret som er stasjonert i Ålesund, dette er eit eitt års vikariat grunna mangel på personell! Med redusert stilling og fin turnus går det ann å ha god framdrift på ymse prosjekt på garden utan att ein heile tida skal gjere det i "ungetida" - det kan vi like:)
 
 
Vetle snart 10 år veks til og kan tidvis vise vaksne sider :) Han er framleis interessert i gardsdrifta meir enn syskjena sine, men dagane går fort til skulearbeid, fotball, handball, skiskyting, ski og dataspeling.
 
 
Olve er ein litt distré 2.klassing som elskar å gå på skulen fordi der kan han tøysefjase med alle vennane sine i friminutta, med jentene har han ei stjerne :) Også han er aktiv på fotball, handball og ski.
 
 
Helle er litt av ei dame! - ho er bestemt, tek skeia i eigne hender og ordnar ut, er omgjengeleg, går på fjellet i ballettkjole, spring bærføtt på grusen eller helst spring ho naken rundt på garden :). Ho er 4 år og steikjer pannekaker til heile familien!


Gaute-gullet er ein nydeleg lisjebror på knappe 2,5år, som ikkje er liten lenger! Går på do og seier alt han vil og det til og med med R. Han må vere med der det skjer, men det klarar han fint. Han elskar mora si og veit å vise det heeeeeeeile tida! Og eg veit å nyyyyte det :)

 
Eg jobbar 80% som kontaktlærar i ei 3.klasse og har elles fullt opp å gjere som arbeidande teamleiar på bruknr 24.1 -jobbar som er trivst godt med  :)

 
I juni og i august kom siste tilskota til familien til gards, nemleg boarder collien Tass og katten vår Mjau. Desse er bestevenner og dei syner alt gode takter med sauegjeting og musefanging.
 

I sommar gjekk saueflokken vår øvst i skredene på Trandal så det vart nokre fine turar til Trandalfjella for tilsyn denne beitesesongen. Ikkje minst fekk vi nokre flotte (rørande og spennande) turara under sankinga, då mange av sauene flokka seg då dei høyrde "lokken" til matmor og følgde henne heile vegen heim!




Hausten gav god avling både frå saueflokken og frå biene i bigården. Av 41 lam fekk 2 bli verande i flokken, 21 vart selde som livdyr til nye besetningar, 14 selde som returslakt til kjende og berre nokre få vart pakka med Gilde-merket på. Vi har slynga 190kg honning, der lynghonningen har gått unna som varmt kveitebrød :)


Å elles har vi no visst kosa oss med både eitt og hitt ser eg av bileta :)
Sommarferien gjekk sørover der vi traff mykje slekt; tanter, onklar, syskjenbarn og tremenningar :) - kjempestas!!!
 
 

Ynskjer alle kjende eitt riktig godt nyttår!
Vi håpar på å treffe dokke alle som ein i løpet av 2015 :)

fredag 27. desember 2013

Julehelsing frå Tømmerbakken 2013

Ja då er snart 2013 også historie og minner. Når eg tenkjer tilbake på året kjem eg raskt på at eg var heime i permisjon med Gaute til juni, Olve byrja på skulen i haust, og at det har gått med mykje tid til daglege og kvardagslege gjeremål knytt til ungar, heim og gardsdrift. Vi skriv ikkje dagbok og blogging har det vorte svært lite av dette året, så jammen fint at vi har tatt bileter og lagra desse på pc-en. Slikleis kan ein mimre og sjå attende på året som har gått - vi har gjort mykje kjekt og ungane veks til! Forrsten så skal eg verte flinkare å ta back-up av desse bileta, tenk om dei forsvinn?!
(under følgjer nokre kolasj med kommentarar frå året, og om du klikkar på bileta får du sjå dei større!)

JANUAR
Vetle fylde 8 år og mormor troppa opp med fotballkake. Vi hadde fantastisk skeise-is på Rotevatnet. Gaute tok til å ete graut på halvtårsdagen sin og han vart ikledd dåpskjole slik at vi fekk bilete til å lage takkekort av.

FEBRUAR
Godt vintevêr, skirenn m premie, aketur -også for Gautegull, prinsesse-Stirr i finesko på snøføre, meir graut og innekos.
 
 
MARS
Påskekos på Dalsfjordsfjellet. Snø, ski, innekos og Gaute som sov i pulken opp på nattbordet på soverommet :)
 
APRIL
Vår og nytt liv på Tømmerbakken. 25 kyllingar og 35 lam såg dagens lys - stor stas for ungane!
Snart slutt på tida som foreldre til to bleieungar...
Tore, vetle, Olve og Anders laga gapahuk i skogane - spennande!
 
 
MAI
Vi tok til å samle turorienteringspostar 1 av 30. Vi leita fram syklane og fyrste sykkelturen gjekk innom på grava til farfar Vidar. Vi tok 17.mai fotografering på Haualeite for 8. året på rad.
Tore, Ståle og Grete hadde med seg mor Aslaug på hotelltur til Geiranger nokre dagar og turen vart avslutta med lunsj og bading for heile familien på Alex i Loen.


JUNI
Olve avslutta barnehagetida si med å bestige Helgehornet ilag med kløverklubben samt å synge duo og solo på sommarfesten. Tante Vivan fekk seg kul bil i gåve då ho besto sjåførlærarutdanninga si og vi ferierte i Stavern -Nevlunghavn med tante Vivian og Geir - sydenfølelse!

 
JULI del 1
Feriering og overnatting på Langedrag. Hesje-kos for store og små i aldersspennet 1-92 år. Bilete av Tore FØR og ETTER at han hadde fått staurbæringskurs av Inge. Surt og kaldt i Refvika og Gaute som fylde1år 25. juli!

JULI del 2
 Vi fekk tørrhøyet i hus akkurat før regnet kom for å bli... Sommarkos på Fjellro-hytta vår. Teltovernatting og kredefiske i elv i Dalsbygda med gode venner.
 
 
AUGUST
Familietur på Rotsethornet og Gildrehammaren. Sykkeltur til Ørsta. Turorienteringspost-tur til Honndalsvatnet i Høgedalen. Helle fekk finfin prinsessekake av mormor på 3års dagen. Gaute storkosa seg med barnehagestart på avdelinga til Helle i Oppigarden barnehage. Olve tok fatt på sitt løp med skulegang - 1.klasse på Vikebygda skule, kor eg forresten skal ha min arbeidsplass det kommande året.
 
 
 SEPTEMBER
 

Nye fjøset klart til tjærebreiing. Det var synd at Bruno og Buster va værar -så kjekke lam som dei var...vi kosa mykje den siste månaden før slakting! Olve fylde 6års dagen sin med sjørøvarskutekake som mormor hadde laga. Vi hausta og tappa 130 kg honning.
 
OKTOBER
Haustferiebesøk av Drammensjentene har vorte tradisjon. Hausttur på Fjellro og til Velsvika. Sauene vart kosa med og nokre slakta, fårekjøtet vart lagt i saltstampen. Fint utsikt frå Lidaveten berre enn kom seg over skodda!
 
 
NOVEMBER
 Eg var på kjekt og lærerikt bakstekurs med Schakenda i Lom ei helg. Ungane gleda seg over den fyrste snøen - og skia måtte sjølvsagt prøvast ( og sida har vi ikkje hatt skiføre...). Vi fekk starta på juleførebuingane: hjortemårproduksjon og løfsebakst i lag med mormor og besten, og tradisjonell peperkakebaking i lag med familien Sætre/Lid. Vetle fekk eit oppbluss av sjakkfeber og han har kokkelert hyppig på kjøkkenet - innspirert av "Barnas resturant" på tv. Gaute har blitt "storegut" - sit på storegutstol og ete laurdagsgodt!
 
 
DESEMBER
Adventstid med aktivitetskalendar og kopp under senga har ført til spente morgongstunder i heimen... Vi har kosa oss med mellom anna ansiktsmaling, pepperkakehus-teikning, peperkakehus-baking, peperkakehus-pynting, julemannbakst, spelekveldar, gøyme og leite med mamma og pappa, skattejakt, fotografering i fotostudio og juletrehoggst. Ungane har hatt nissefest, julefrukost, juleverkstad og luciaferingar i barnehage og på skulen.
Vi måtte også ta avskjed med godaste besten/bestebesten på Eid rett før jul - kvil i fred!


 
https://www.facebook.com/fotografmartalystadjohansen?ref=ts&fref=ts
 

God jul og godt nytt år ynskjast til alle kjende og kjære,
håper at våre vegar kryssast i nær framtid!!!

 

lørdag 27. april 2013

Full rulle og liv og røre på Tømmerbakken

Jauda det er liv i oss - det er visst bloggen det er minst liv i for tida...
Til tross for at graset, blada og blomstrane ikkje har fått beskjed om at det er vår her oppe enda så er det så absolutt vårteikn i fjøsen og på vaskerommet :)
Bruno og Buster vart årets fyrste lam som såg dagens lys for to veker sidan og medrekna tvillingane som eg fekk overevere fødselen til i dagtidleg kl 06.00 tel det no 32 lam og enda ventar vi 3 fødslar til.
I skrivande stund høyrer vi veldig piping ifrå rugemaskina på vaskerommet - den fyrste kyllingen har akkurat kava seg ut av egget. Det fyrste holet vart oppdaga i går kveld så det var spennande å stå opp idag! Fantastisk å sjå ansiktet til ungane når dei fekk høyre piping innafrå egget :) Den ferske kyllingen kom ut frå eit egg som vi har plukka i vårt eige hønsehus, men vi har fått egg fleire stadar ifrå. Totalt ligg det 40 egg i rugemaskinene der halvparten skal klekke denne helga og resten neste helg :)
 
Før påske fekk forresten musa Pip, som Vetle har hatt i fangenskap sidan desember, sleppe ut i det fri og Vetle fekk kjøpe seg hamsteren Hamstro i staden for. Det må vel også forteljast at Pip var på rømmen ein morgon vi sto opp. Tore hadde oppdaga det når han sto opp kl 05.00 for å rekke fyrste flyet til Bergen - på kjøkkenbenken låg det lapp om at Pip var på rømmen og at vi fekk "sleppe inn katten" :) Det forslaget møtte sjølvsagt motstand så når ungane var levert på skule og i barnehage var det berre å sette i gong leiteaksjon med haudelykt og støvsugar. Pip vart funnen i det siste rommet eg støvsugde - oppi ein treningsbag på utstyrsrommet i kjellaren. Døra vart låst i påvente av ein kjekk besten som kunne hjelpe oss å fange Pip!!!
 
Slenger også med nokre bilder av kva Tore har brukt ledige stunder på den siste veka - løda har fått lødegolv!!! 


 PIP


 
HAMSTRO


FJØSNYTT

 

 Gaute er fast tilskodar under morgonstellet i fjøsen og då er det fint med hørselvern inntil sauene har fått kraftforet sitt - då stillnar brekinga :)

 Dei eldste lamma har alt stor utforskartrong...





 
 



 
GOD HELG!!!