torsdag 29. juli 2010

Hersjing, hes, golv, skåra og rakstedeier!!!

Va ditta framandord i dit vokabular eller vekjer det gode/dårlege minner kanskje?

Noko av det mest boderomantiske som finst er kanskje ei ekte hes?! Skal vel ikkje sjå vekk frå at de he skjedd litt av kvart bak ei hes....

I alle fall har det vore lærerikt og kjekt for både store og små! Kanskje kjekt fordi markane ikkje var fulle av desse hesene og at det ikkje tok lenger tid enn ein ettermiddag å få dei opp og kanskje fordi me ikkje he vakse opp med det som noko naudsynt -men fordi me fekk gjere det av rein lyst og iver.

Må få sende ei takk til våre kjekke naboar "heim i Lida" for hjelpa, for lånet av alt naudsynt utstyr som traktor, slåmaskin, hersjastaur, streng, skårar, jarstaur og endepålar og for graset på marka :)

Det er no ikkje til å stikke under ein stol at me har hatt det fole sosialt og kjekt meda me har halde på - dei gamlaste har fått mimra frå sine barndomssommera og vi unge har fått lære ein kunskap og eit handtverk som helde på å gå i gløymeboka!

Det er kjekt med fellesprosjekt, men tykjer det ikkje vart heilt rettferdig når dei reiste med "eit halvt golv" til dei komande hønene-kyllingane sine og me for med gode 20 golv til sauene våre...

I følgje lokale kjelder vart det rekna ca 20 golv for å vinterfore ein sau. Tørrhøyet som vi har fått i hus er tenkt til bruk under lamminga til våren - i vinter skal det forast med rundballar som vi har kjøpt lokalt!

OlaBesten har hersja før....



Vetle har fått opplæring som slåttehjelp hjå Bjørg Hoggen før i sommar og syner her iver over arbeidet med slåtten :)


Graset mellom to staurar utgjer "eit golv", som forøvrig var ei måleeining.

På nederste hesa kan du sjå at hesa er stødja opp med "skårar" for at ho skal stå stødigare



Åslaug er ekspertisa som godkjende både at høyet var tørt nok og vår nye "lagringspatent"!

Ny og gamal patent - Hes og vedasekkar!

Tørrhøyet skal fraktast, men også lagrast i store og luftige vedasekkar. Vedasekkane romma ca 2,5 golv kvar og fungerte utmerket :)


Sekkane kunne rullast nedover marka og kjøyrast til gard :)



Gutane storkosa sej med ymse leik i hesa og poserte gjerne for fotografen :)
I går vart hesa til ei "Magisk hole" :)
Idag var det mest stas å hoppe på og i sekkane, samt å bli begravd under høyet!





Å sitje på høylasset vart belønninga for godt arbeid :)


PS! Har vist ikkje fått noko bilete av ei ekte "rakstedeie", men ordet slektar nok på ordet budeie og tyder altså ei "rakande" dame på slåttemarka!!

mandag 26. juli 2010

Sommarferien 2010

I år starta vi ferien vår med ein 13 dagars rundtur i sørnoreg. Fyrste stopp var firmahuset til Bil og Gummiservice AS på Øyer ilag med 3 andre familiar frå Vikebygda - Hunderfossen og Maihaugen sto på programmet.
Vidare sette vi kursen mot Oslo for litt familiebesøk, to dagar på Berger hjå svigerinne Grete og to dagar i byen hjå bror.
I Nevlunghavn hjå tante Vigdis fekk vi testa litt strandliv og markjorbæra før vi "endeleg" kom oss til Kristiansand(som for ungane var sjølvaste "målet" for ferien).
I Kristiansand vitja vi nokre syskjenbarn av meg før me vart oppslukt og opptatt i Dyreparken-Badeland i dei neste tre dagane :) Kveldsshow med Sabeltann og Olve sit smukkesluttprosjekt er absolutt vert å nemne spesielt!
Ferieturen vart avslutta med ei overnatting på Langedragssetra og besøk hjå folk og dyr der! Starta og avslutta ferien ilag med våre gode naboar heim i Lida :) Returnerte heim fulle av inntrykk og minner og dessutan veldig klar for å ta fatt igjen på prosjekta våre heime :)
Forresten ikkje so verst å feriere i nærområdet heller... Den siste ferieveka våra vart det tur både på Melshornet og til "Fjellro" i Dalsfjorden, samt at Vetle besteig Hestehornet ilag med syskjenbarna sine.

HUNDERFOSSEN

MAIHAUGEN



BERGER GÅRD
Traktokjøyring med tante Grete er obligatorisk!


LINDERN - BYBESØK
Olve i leiligheita til bror..

Operaen i Bjørvika

Slottet

Karl Johans gate

Onkel Arnt Ove i Kaviartube-one-pice !!

Badekos i bakgården til onkel Arnt Ove og tante Stine


NEVLUNGHAVN



DYREPARKEN I KRISTIANSAND
Tømmerrenna

Traktortur på Ku-Toppen

Olve kasta tre smokkar i "Smukkekista" til Kaptein Sabeltann!!


Hiv o Hoi
Anna, Mathias, Olve og Vetle
På skjørøvartokt med Kaptein Sabeltann sitt skip "Den Sorte Dame".


Karusellar for små og store...



Olve går på planken i " Sabeltanns Verden"!!!

Kveldsshowet med Kaptein Sabeltann i Kjuttavika
kl 23.00 - 00.45
LANGEDRAG
Overnatting på Langedragssetra, teltet fekk fri då der regna "pittelitt"!



PÅ HYTTETUR I DALSFJORDEN
me rakk å setje garn, fiske litt og sett på utsikta før skodda la sej tjukk og grå resten av opphaldet vårt..



Totalfangsten i garn og på trode og oter vart 13 kreder. Rakk til eit nydeleg lunsjmåltid for oss på Fjellro, samt til nokre måltid for Oldefarmor i Volda...

Vetle og Olav var tøffe å "gjorde opp"/sløya fiskefangsten borti elva :)

Dammen bak hytta vart fylt opp med båtar og froskar - fin leik her!