fredag 27. desember 2013

Julehelsing frå Tømmerbakken 2013

Ja då er snart 2013 også historie og minner. Når eg tenkjer tilbake på året kjem eg raskt på at eg var heime i permisjon med Gaute til juni, Olve byrja på skulen i haust, og at det har gått med mykje tid til daglege og kvardagslege gjeremål knytt til ungar, heim og gardsdrift. Vi skriv ikkje dagbok og blogging har det vorte svært lite av dette året, så jammen fint at vi har tatt bileter og lagra desse på pc-en. Slikleis kan ein mimre og sjå attende på året som har gått - vi har gjort mykje kjekt og ungane veks til! Forrsten så skal eg verte flinkare å ta back-up av desse bileta, tenk om dei forsvinn?!
(under følgjer nokre kolasj med kommentarar frå året, og om du klikkar på bileta får du sjå dei større!)

JANUAR
Vetle fylde 8 år og mormor troppa opp med fotballkake. Vi hadde fantastisk skeise-is på Rotevatnet. Gaute tok til å ete graut på halvtårsdagen sin og han vart ikledd dåpskjole slik at vi fekk bilete til å lage takkekort av.

FEBRUAR
Godt vintevêr, skirenn m premie, aketur -også for Gautegull, prinsesse-Stirr i finesko på snøføre, meir graut og innekos.
 
 
MARS
Påskekos på Dalsfjordsfjellet. Snø, ski, innekos og Gaute som sov i pulken opp på nattbordet på soverommet :)
 
APRIL
Vår og nytt liv på Tømmerbakken. 25 kyllingar og 35 lam såg dagens lys - stor stas for ungane!
Snart slutt på tida som foreldre til to bleieungar...
Tore, vetle, Olve og Anders laga gapahuk i skogane - spennande!
 
 
MAI
Vi tok til å samle turorienteringspostar 1 av 30. Vi leita fram syklane og fyrste sykkelturen gjekk innom på grava til farfar Vidar. Vi tok 17.mai fotografering på Haualeite for 8. året på rad.
Tore, Ståle og Grete hadde med seg mor Aslaug på hotelltur til Geiranger nokre dagar og turen vart avslutta med lunsj og bading for heile familien på Alex i Loen.


JUNI
Olve avslutta barnehagetida si med å bestige Helgehornet ilag med kløverklubben samt å synge duo og solo på sommarfesten. Tante Vivan fekk seg kul bil i gåve då ho besto sjåførlærarutdanninga si og vi ferierte i Stavern -Nevlunghavn med tante Vivian og Geir - sydenfølelse!

 
JULI del 1
Feriering og overnatting på Langedrag. Hesje-kos for store og små i aldersspennet 1-92 år. Bilete av Tore FØR og ETTER at han hadde fått staurbæringskurs av Inge. Surt og kaldt i Refvika og Gaute som fylde1år 25. juli!

JULI del 2
 Vi fekk tørrhøyet i hus akkurat før regnet kom for å bli... Sommarkos på Fjellro-hytta vår. Teltovernatting og kredefiske i elv i Dalsbygda med gode venner.
 
 
AUGUST
Familietur på Rotsethornet og Gildrehammaren. Sykkeltur til Ørsta. Turorienteringspost-tur til Honndalsvatnet i Høgedalen. Helle fekk finfin prinsessekake av mormor på 3års dagen. Gaute storkosa seg med barnehagestart på avdelinga til Helle i Oppigarden barnehage. Olve tok fatt på sitt løp med skulegang - 1.klasse på Vikebygda skule, kor eg forresten skal ha min arbeidsplass det kommande året.
 
 
 SEPTEMBER
 

Nye fjøset klart til tjærebreiing. Det var synd at Bruno og Buster va værar -så kjekke lam som dei var...vi kosa mykje den siste månaden før slakting! Olve fylde 6års dagen sin med sjørøvarskutekake som mormor hadde laga. Vi hausta og tappa 130 kg honning.
 
OKTOBER
Haustferiebesøk av Drammensjentene har vorte tradisjon. Hausttur på Fjellro og til Velsvika. Sauene vart kosa med og nokre slakta, fårekjøtet vart lagt i saltstampen. Fint utsikt frå Lidaveten berre enn kom seg over skodda!
 
 
NOVEMBER
 Eg var på kjekt og lærerikt bakstekurs med Schakenda i Lom ei helg. Ungane gleda seg over den fyrste snøen - og skia måtte sjølvsagt prøvast ( og sida har vi ikkje hatt skiføre...). Vi fekk starta på juleførebuingane: hjortemårproduksjon og løfsebakst i lag med mormor og besten, og tradisjonell peperkakebaking i lag med familien Sætre/Lid. Vetle fekk eit oppbluss av sjakkfeber og han har kokkelert hyppig på kjøkkenet - innspirert av "Barnas resturant" på tv. Gaute har blitt "storegut" - sit på storegutstol og ete laurdagsgodt!
 
 
DESEMBER
Adventstid med aktivitetskalendar og kopp under senga har ført til spente morgongstunder i heimen... Vi har kosa oss med mellom anna ansiktsmaling, pepperkakehus-teikning, peperkakehus-baking, peperkakehus-pynting, julemannbakst, spelekveldar, gøyme og leite med mamma og pappa, skattejakt, fotografering i fotostudio og juletrehoggst. Ungane har hatt nissefest, julefrukost, juleverkstad og luciaferingar i barnehage og på skulen.
Vi måtte også ta avskjed med godaste besten/bestebesten på Eid rett før jul - kvil i fred!


 
https://www.facebook.com/fotografmartalystadjohansen?ref=ts&fref=ts
 

God jul og godt nytt år ynskjast til alle kjende og kjære,
håper at våre vegar kryssast i nær framtid!!!

 

lørdag 27. april 2013

Full rulle og liv og røre på Tømmerbakken

Jauda det er liv i oss - det er visst bloggen det er minst liv i for tida...
Til tross for at graset, blada og blomstrane ikkje har fått beskjed om at det er vår her oppe enda så er det så absolutt vårteikn i fjøsen og på vaskerommet :)
Bruno og Buster vart årets fyrste lam som såg dagens lys for to veker sidan og medrekna tvillingane som eg fekk overevere fødselen til i dagtidleg kl 06.00 tel det no 32 lam og enda ventar vi 3 fødslar til.
I skrivande stund høyrer vi veldig piping ifrå rugemaskina på vaskerommet - den fyrste kyllingen har akkurat kava seg ut av egget. Det fyrste holet vart oppdaga i går kveld så det var spennande å stå opp idag! Fantastisk å sjå ansiktet til ungane når dei fekk høyre piping innafrå egget :) Den ferske kyllingen kom ut frå eit egg som vi har plukka i vårt eige hønsehus, men vi har fått egg fleire stadar ifrå. Totalt ligg det 40 egg i rugemaskinene der halvparten skal klekke denne helga og resten neste helg :)
 
Før påske fekk forresten musa Pip, som Vetle har hatt i fangenskap sidan desember, sleppe ut i det fri og Vetle fekk kjøpe seg hamsteren Hamstro i staden for. Det må vel også forteljast at Pip var på rømmen ein morgon vi sto opp. Tore hadde oppdaga det når han sto opp kl 05.00 for å rekke fyrste flyet til Bergen - på kjøkkenbenken låg det lapp om at Pip var på rømmen og at vi fekk "sleppe inn katten" :) Det forslaget møtte sjølvsagt motstand så når ungane var levert på skule og i barnehage var det berre å sette i gong leiteaksjon med haudelykt og støvsugar. Pip vart funnen i det siste rommet eg støvsugde - oppi ein treningsbag på utstyrsrommet i kjellaren. Døra vart låst i påvente av ein kjekk besten som kunne hjelpe oss å fange Pip!!!
 
Slenger også med nokre bilder av kva Tore har brukt ledige stunder på den siste veka - løda har fått lødegolv!!! 


 PIP


 
HAMSTRO


FJØSNYTT

 

 Gaute er fast tilskodar under morgonstellet i fjøsen og då er det fint med hørselvern inntil sauene har fått kraftforet sitt - då stillnar brekinga :)

 Dei eldste lamma har alt stor utforskartrong...





 
 



 
GOD HELG!!!

søndag 23. desember 2012

Julehelsing frå Tømmerbakken 2012

 
Ja då nerma det seg jul!!! og eg har komt med lovnad om ei lita julehelsing :)
 

Oy, eg hadde visst gløymt å skrive namnet til prinsesse Helle på årets julekort, men sida ein skal fokuserar på det som er bra så var ho i alle fall på bildet :) og det hadde vore mykje verre dersom eg hadde gløymt ho att på ein parkeringsplass eller noko...

I den grad tradisjonar kan vere noko negativt er det vel tett før at skrivefeilar på julekorta frå Tømmerbakken nettopp kan kallast det - tradisjonar! Denne skrivefeilen tronar uansett øvert og føyer seg fint inn i rekka av andre skrive"leifar" julekorta mine har innehaldt. Neste adventstid er det derimot eit gjeremål mindre på lista mi, julekortkonstruksjonen får eg overlate til Tore - kanskje er eg heldig å få slikke på kovoluttane...
 


Dersom ein ser vekk frå litt sjukdom så har vi hatt ei triveleg adventstid.(Influensa og spysjuke med påfølgande 48t karantene tek si tid å verte "kvitt" i ein storfamilieheim.. så dei tre fyrste vekene av adventstida gjekk i grunnen med mykje til det).
På julekortet ynskte eg alle mine kjende og kjære ei triveleg adventstid, "roleg" vert den vel for dei ferraste (i alle fall ikkje ei ein småbarnsfamilieheim)!!! Vi har prøvt å ha fokus på trivselsfremjande gjeremål for familien og med aktivitetskalenderen vår har vi klart å få til nettopp det: - av eksempel kan ansiktsmåling av foreldra, speling av spel på senga, kinokveld, tur på juletreskogen, refleksløp, løfsebaking, julegåveverkstadar, skattejakter, tur på skøyteisen, peparkakebakingsbesøk og julemannbakingsbesøk nemnast!



 
Vetle har stadig prosjekt på gang og medan han var i "karantene" etter spysjuka vart det laga levandefangstfelle for mus - og her ser dokke resultatet: Pip som har flytta inn på kjøkkenet!


 --§--
 

Vetle er halvvegs i mål med 2.klassa, les bra - likar matematikk, naturfag og friminutta. Han har fått prøvt seg på fotballbana, men det kan sjå ut som at han trivst betre med handballen. Vetle ventar dessutan på snøen no slik at han kan få byrje på skitrening igjen. Det kan også nemnast at han er over middels interessert i gardsdrift, i alle fall på data...


Olve er no skulemoden, les og skriv ord skrivne med store bokstavar. Likar godt å pirte (erte) syskjena sine og ikkje fullt så godt å verte pirten sjølv... Stortsett blid og glad!


Helle er ei travelt opptatt førken som kjempar sin eigen rett blandt gutane.  Ho er ikkje like intens nedi skuffer og inn i skap lenger, men ho er framleis ofte å finne oppå bordet eller veldig i nærleiken av Gaute.


Gaute trur eg må ha forstått tidleg at han ikkje kunne ta all merksemda i heimen og har vore ein veldig enkel baby. Han har byrja å verte fornerma når ein legg han ned, men kan underhaldast og responderar gjerne med smil og latter.

Tore er no tilbake i full stilling på anestesiavdeling ved Volda sjukehus, noko som genererar litt mindre fritid enn då han jobba på helikopteret, men meir tid til familiens kvardagslege gjeremål. Likevel får han gjort mykje for han er god til å nytte dei stundene han får. Sidan mai har det vore fjøsbygging som gjeld!  Han gledar seg forresten til å skulle ha ein dag med pappapermisjon kvar veke neste skuleår!

 
Eg nyt og nyttar permisjonstida mi frå stillinga mi som lærar ved Volda ungdomsskule. I haust har eg mellom anna fått måla fjøsvindauge i ledige stunder når Gaute har sove. I stillinga som administrerande direktør for familien Dalebø Mork vart det derimot ikkje innvilga permisjon og det er heller ingen reglement for kor mykje overtid det er lov å arbeide :) Så dagane er utan særleg med "dødtid" og det meste av døgnet går med til desse gulla her !!!


 
--§--

 
Julegåvene har vorte innkjøpt gjennom heile hausten noko som resulterte i at ej hadde ordna julegåver til ungane frå både oss sjølve, syskjena, besteforeldra og frå tanter og onklar :). Pakkane er no komt under juletredet og ungane la seg som tende lys i kveld, men heldigvis slokna dei fort!
I morgon skal dei få ta med dynene ned i stova, kanskje har nissen lagt att noko i julestrømpene, vi skal brenne bål og ete førmiddagsgraut ilag med nabone heim på bytet og tende lys på grava til farfar før vi samlast til tradisjonell julekveld her. I år skal mormor, besten, tante Vivian og farmor feire jul ilag med oss.
 
 
Dei beste ynskja for ei fredfull jul og eit strålandes nytt år frå oss på Tømmerbakken!
-håper vi sjåast snart :)

søndag 18. november 2012

11.11.12 Gaute sin dåpsdag!!

 Vi hadde ein kjempeflott dåpsdag for Gaute-gullet!
Etter gudstenesta kosa vi oss heime med kjekke gjestar og god mat :)

Ei ekstra helsing til fadrar, tanter, onkel og syskjenbarn som ikkje var tilstades på søndag!!
 
Hadde tid til overs!! Etter å ha kledt 4 i bunad heime og 1 i dåpskjole i kyrkja så då vart det litt trilling på kyrkjebakken før gudstenesta :)  - ikkje likt meg, som oftast er ute i siste liten :)


Det knytter seg alltid litt arbeid til slike tilstellingar, men eg har fått vaska ned til jul og det har reist mange gode tankar gjennom hovudet medan eg har holdt på!! - så har kost meg :)
 Her kjem ei bildesamling frå pynting, folk og mat :)



 








Takk til alle som laga kake, tok med ungar på teater og leikebesøk og ikkje minst til bror som laga ein nydeleg middag :)