
Trykk på bileta for å sjå dei større!!!
Hoho!!! Trur visst bloggen min har blitt til ein juleblogg :)
Det er vel slik i kvardagen att ein stadig må prioritere og velje mellom alt ein må og har lyst til å gjere - og i denne prosessen så har ikkje blogginga akkurat komt øvst på lista for min del.
Men no kjende eg at det var tid for det!! Det som ikkje vart vaska eller baka før jul kan no like godt berre vere. Vi har fått mange fine dagar på ski med ungane, sove "lenge", ete godt og elles hatt det fint desse juledagane :) I morgon må Tore ha seg eit jobbedøgn før det blir fullt hus her på nyttårsaftan :)
Tore jobbar no på helikopteret som er stasjonert i Ålesund, dette er eit eitt års vikariat grunna mangel på personell! Med redusert stilling og fin turnus går det ann å ha god framdrift på ymse prosjekt på garden utan att ein heile tida skal gjere det i "ungetida" - det kan vi like:)
Olve er ein litt distré 2.klassing som elskar å gå på skulen fordi der kan han tøysefjase med alle vennane sine i friminutta, med jentene har han ei stjerne :) Også han er aktiv på fotball, handball og ski.
Helle er litt av ei dame! - ho er bestemt, tek skeia i eigne hender og ordnar ut, er omgjengeleg, går på fjellet i ballettkjole, spring bærføtt på grusen eller helst spring ho naken rundt på garden :). Ho er 4 år og steikjer pannekaker til heile familien!
Gaute-gullet er ein nydeleg lisjebror på knappe 2,5år, som ikkje er liten lenger! Går på do og seier alt han vil og det til og med med R. Han må vere med der det skjer, men det klarar han fint. Han elskar mora si og veit å vise det heeeeeeeile tida! Og eg veit å nyyyyte det :)
Gaute-gullet er ein nydeleg lisjebror på knappe 2,5år, som ikkje er liten lenger! Går på do og seier alt han vil og det til og med med R. Han må vere med der det skjer, men det klarar han fint. Han elskar mora si og veit å vise det heeeeeeeile tida! Og eg veit å nyyyyte det :)
Eg jobbar 80% som kontaktlærar i ei 3.klasse og har elles fullt opp å gjere som arbeidande teamleiar på bruknr 24.1 -jobbar som er trivst godt med :)
I juni og i august kom siste tilskota til familien til gards, nemleg boarder collien Tass og katten vår Mjau. Desse er bestevenner og dei syner alt gode takter med sauegjeting og musefanging.
I sommar gjekk saueflokken vår øvst i skredene på Trandal så det vart nokre fine turar til Trandalfjella for tilsyn denne beitesesongen. Ikkje minst fekk vi nokre flotte (rørande og spennande) turara under sankinga, då mange av sauene flokka seg då dei høyrde "lokken" til matmor og følgde henne heile vegen heim!
Hausten gav god avling både frå saueflokken og frå biene i bigården. Av 41 lam fekk 2 bli verande i flokken, 21 vart selde som livdyr til nye besetningar, 14 selde som returslakt til kjende og berre nokre få vart pakka med Gilde-merket på. Vi har slynga 190kg honning, der lynghonningen har gått unna som varmt kveitebrød :)
Å elles har vi no visst kosa oss med både eitt og hitt ser eg av bileta :)
Sommarferien gjekk sørover der vi traff mykje slekt; tanter, onklar, syskjenbarn og tremenningar :) - kjempestas!!!
Ynskjer alle kjende eitt riktig godt nyttår!
Vi håpar på å treffe dokke alle som ein i løpet av 2015 :)
Vi håpar på å treffe dokke alle som ein i løpet av 2015 :)



























.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)











.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)



.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)